torsdag 24. oktober 2013

All rise!

Alright! Eit lite livsteikn i påvente av at eg tek opp att bloggen igjen. (Eg lovar folkens, det skjer snart. Og med over 10 000 sidevisningar sidan siste innlegg, har eg litt dårleg samvit for at eg har drøya med dette).

I mellomtida; kos dykk med denne! Musikklista blir lagt ut på Spotify-kontoen min.




Rotting Christ - Χ Ξ Σ 666



Karane i Rotting Christ er forresten ein av headlinarane til Inferno Metal Festival 2014. Ser det som ein god grunn til å ofre fri i julehelga, mot å få fri frå jobbing når den festivalen går av stabelen.



Primordial - Gallows hymn



Det er berre å gle seg til Inferno Metal festival 2014. Då kjem også desse karane på scena:
Dimmu borgir - Gateways .


Skjønt, håper dei speler mykje gammalt "knall", frå hine hårde dagar.


Isvind - Myra




Eg er litt usikker på i kva retning ein skal tolke musikkvideoen under, men uansett eit lite innspel i mobbedebatten;


Raubtier - En hjältes veg



Det skal innrømmast; eg er steikje forbanna over at eg må reise til utlandet for medisin, og av det.

Staal - Rambokniv : "Får eg ikkje medisin, kjem eg etter lekamen din!"




Det hadde vore så fristande, men sidan den norske stat ikkje tek så lett på sjølvtekt, er det vel kanskje best å late vere og heller høyre på eit band som er lovande, nemleg Scarred. Ein av favorittane der er låta Gaia, men sidan den ikkje var å oppdrive på youtube då eg var i seget (den er på spotifylista), får de her Cinder og Mosaic.


Scarred - Cinder





Scarred - Mosaic



Litt lettbeint metall:

Trivium - Krisiute Gomen





Spirutal Beggars - Dying every day. I alle fall på morgonen.





Cruicified Barbara - Rock me like the devil.


Det går fint an å gje'na i nettingstrømper også, berre ein har evenen. ( Ei oppfordring til alle musikalske småtøser der ute; lær dykk å graule, spele gitar, bass og trommer. Ha litt større ambisjonar enn å vere halv-/heilnakne kordamer med duckface i hjernedau popmusikk).


Det var eit lite aporpos. Finnland er meir enn granskogmetall, noko karane i Reverend Bizarre er eit godt døme på.

Reverend Bizarre - Doom over the world








Belphegor - Der geistertreiber
Denne er desverre ikkje på Spotify, så det er grunnen til at det ligg ein annan Belphegorlåt på spelelista der.



Det er poplulært å ofre damer i metallvideoar. Det liker også Ragnarok, som skal spele på Blastfest neste år. Ein dag når eg får tid, skal eg lage eit eige blogginnlegg på akkurat det. Enn så lengje:

Ragnarok - Collectors of the king




Gode gamle Kreator leverer alltid. Her er låt nummer tre frå Phantom Antichrist.

Kreator - Death to the world



Anbefaler alle å høyre igjennom plata Phantom Antichrist som  Kreator sleppte i 2012. Den er heilt konge! Det gjeld også for livealbumet Dying alive som kom ut i 2013.



Living after midnight, er som dei fleste metallfolk veit, ein av dei mest populære låtane til Judas Priest. Den vart sleppt i 1980. Sidan dei fleste har høyrt originalen, utfordrar eg her med Disturbed sin coverversjon.

Disturbed - Living after midnight:




Jada, eg veit. Men ein blir i godt humør av den. B-)



Det blir ein også av Dimmu sin versjon av Burn in hell, opprinneleg av Twisted Sister.

Dimmu Borgir - Burn in hell :





onsdag 13. februar 2013

Trudde borreliasjuk gut kom til å døy

Her kan du sjå det sterke innslaget som NRK Vestlandsrevyen sende om Erlend Hallaren i går. Han var så sjuk av borreliose at familien trudde at han kom til å døy. Familien føler seg svært svikta av det offentlege helsevesenet, og takkar Norsk Borreliose Senter i Nydalen for at guten i dag er i live, og i stand til å gå litt på skulen att.

Erlend sin tøffe kamp for å få behandling

Det er likevel verd å merke seg at stavangerlegen Dag Tveitnes påstår at mange kronisk sjuke eller alvorleg sjuke som Erlend skulle hatt ei anna og betre behandling enn den dei får ved Norsk Borreliose Senter. Dette er direkte provoserande, då dei fleste som er i Erlend sin situsjon, alt har gått maaaange runder i det offentlege helsevesenet utan å få verken svar på kva som feiler dei, eller riktig behandling. Det er grunnen til at pasientane vel å betale tusenvis for testar som er betre, og for å møte legar som ser heilskapen av symptom, i kampen for å verte friske att. 

Realiteten for krosnisk sjuke med borrelia i Noreg i dag, er ingen behandling i det offentlege. Med det meiner eg at om ein er så heldige at dei dårlege testane som vert nytta slår ut, så får mange for kort behandling til å verte friske. Dei som ikkje slår ut på testane fordi dei har gått så lengje med bakterien i blodet at den har sett immunforsvaret ut av spel, får difor inga behandling. Dette burde Dag Tveitnes blitt konfrontert med.


NRK Sogn og Fjordane har også tatt tak i mangelen på behandlingstilbod for dei med langvarige, kroniske lidingar, og stilte helseminister Jonas Gahr Støre til veggs på dette. Helseministeren opnar no for eit nasjonalt kompetansesenter senter som skal utgreiie pasientar med langvarige og uforklarlige lidingar.

 Opnar for nasjonalt kompetansesenter

Håpet er at når dette senteret vert realisert, vil samarbeide med Norsk Borreliose Senter og andre som sit på uvurderleg kunnskap som det offentlege helsevesenet i dag vel å ignorere. Eg siktar her til fagmiljøa i Tyskland, USA og Ungarn. Vi må ha meir fokus på korleis ein kan bruke mikroskopiering av blod til å finne ut kva som som feiler menneske med alvorleg sjukdom og uforklarleg sjukdomsbilete. Om ein berre nyttar gamle ekspertar med gammal kunnskap, kjem vi ikkje noko vidare.

lørdag 9. februar 2013

Snart gjennombrot?

Bobla er i ferd med å sprekke og diffuse sjukdommar kan vise seg å vere forårsaka av infeksjonar, må sjåast på med nye auge.

Måndag 11. februar  kan du sjå to sterke historer om kor gale det kan gå. På Dagsrevyen vil ungdomsskuleeleven Erlend fortelje om korleis det var å vere alvorleg sjuk med nevrobooreliose. Om legane som ikkje kunne hjelpe. At AB behandling hos Rolf Luneng ved NBS har gjeve han livet tilbake. Han kunne ikkje gå og hadde voldsomme anfall og sterke smerter. No er han på beina og ved sine fulle fem. Luneng blir og interjuva. Og ein skeptisk barnelege. Kanskje Jonas Skar Støre som er i Førde på mandag. Det kokte på Nord-Tick-konferansen som gikk av stabelen i Oslo denne veka. Konfliktnivået var svært høgt. (Sjå lenger nede i innlegget).
 


Eit liv i smerter
På TV2-nyheitene vil Maj-Britt Marie Grevstad stå fram med si historie. Ho har fått øydelagt mesteparten av sitt vaksne liv av smerter etter at ho har gått i åresvis med feil diagnose, og er i dag ufør som følgje av dette. Nyleg vart det oppdaga at ho har både borrelia- og babesiabakteriar i blodet. Ho treng difor langvarig antibiotikabehandling intravenøst, noko ho berre kan få ved Norsk Borreliose Senter i Oslo. Behandlinga kostar henne 11 000 i månaden, i tillegg må ho betale 10 000 kroner i buutgifter. Staten dekkjer ikkje noko av denne behandlinga.

Om eg er rett opplyst, skal det vere mellom 500-600 på venteliste for å få intravenøs behandling ved Norsk Borreliose Senter. Dette er 500-600 menneske som kunne vore friske nok til å jobbe og fungere skikkeleg i kvardagen, om dei berre hadde fått riktig behandling og medisin. I staden er mange av desse blitt uføre som føgje av fråvære som følgje av feil diagnoser og feilbehandling.

Kvifor haster dette så?


Det tok hundrede år før legestanden erkjente at magesår kom av ein bakterie. Vi har ikkje tid til å vente like lengje på ein kur mot flåttbårne sjukdommar som borrelia, bartonella, anaplasmose og babesia.
Difor er det direkte tragisk at den tidlegare smittevernsoverlegen i FHI , Preben Aavitsland; uttalte dette i samband med konferansen; (epidemi@Epidemino)
- 'Kronisk borreliose' smitter ikke med flått. 'Kronisk borreliose' smitter med Internett, sier Preben Aavitsland på #nortick13
- Privatklinikker, pasientaktivister, massemediene og enkelte politikere driver epidemien av 'kronisk borreliose'. Aavitsland på #nortick13

Dette vitnar om kunnskapsløyse så vel som eit menneske-og pasientsyn som ikkje høyrer nokon stad heime i legeyrket.
  At "ekspertar" innan smittevern kan avvise etablert kunnskap om borreliose, når til og med IDSA (The Infectious Diseases Society of America) seier at LATE LYME eksisterer, er graverande. Vi treng nye ekspertar innan smittevern, slik at vi faktisk får eit reelt vern mot flåttbåren smitte her i landet. Det fortener folket.

fredag 30. november 2012

Lege fryktar prestisje i borreliabehandling

I gårsdagens Aftenposten tek legen Svein Golf Helleland til orde for at norske legar må verte betre til å stille borreliadiagnosen ut frå pasientane sine symptom.
- Når kliniske funn og laboratorietester spriker, bør varselklokkene ringe, skriv Helland, som er hjertespesialist ved Feiringklinikken.

- Jeg er overbevist om at helsevesenet har store unnlatelsessynder å svare for. Dessuten virker det som om hele feltet herjes av prestisje. Det graves skyttergraver. Prestisje og fastlåste standpunkter er ikke godt utgangspunkt for kritisk refleksjon og ny innsikt, skriv Helland som sjølv er  borrelioseråka i ein kronikk Aftenposten. Han synest at det ikkje er til å undrast over at fortvilte menneske vender seg til politikarane for å få hjelp i borreliasaka.

Han meiner også at vi ikkje må la gammal kunnskap stengje for ny viten når det gjeld behandling av borrelia.
- I tilleg må vi ikke glemme at de modeller vi har konstruert som ramme for vår innsikt noen ganger kan fungere som sperre for ny innsikt. Da må man stille seg til siden og se på problemet med helt nye øyne (også vitenskapelige!) for å komme videre.

I kronikken stiller han også spørsmåla som alle borrelioseråka som har opplevd negative testar trass i borreliainfeksjon:
- Bør man ikke da legge større vekt ved diagnosestilling på sykdomsutvikling og symptomer, det vil si kliniske funn? Bør man ikke da gjøre noe med testene, utvide,forbedre, kvalitessikre? Kanskje bør man til og med tenke den tanken at det kan vere et annet infeksiøst agens enn borreliamikroben som er ansvarlig, så lite sannsynlig det i utgangspunktet synes å vere.

Helleland etterspør fordomsfriheit og møysommeleg vitskapleg arbeid, og rår i mellomtida "unge kollega Danielsen Lie" som tidlegare har uttalt seg kritisk til borreliaråka til å vere forsiktig med sarkasmar og med å utdele negative karakteristikkar av lidande menneske så lengje han kallar seg lege.


Les heile kronikken HER

Middagslurmetall

Dette er ei lureliste. Her byrjar ein litt forsiktig, og gjev på litt meir etterkvart. Perfekt om ein er segen etter ein lang dag med mykje mas og generelt ubruklege folk.  Eller om ein vil snike litt metall innpå slike individ som ikkje har oppdaga at det er metall som eige.

I alle høve er Ending credits av Opeth greitt å ha i bakgrunnen når ein har ei avtale med sofaen.




Med A forest av Carpathian Forest. Kven hadde trudd at brulebeisane i Carpathian Forest skulle covre The Cure sin gamle låt med same namn? Resultatet er i alle fall mest chill, og etter min smak langt betre enn originalen.



Prelude med Bathory er då dei første 2:35 sekunda av linken under, som forøvrig er ein gammal klassikar som ein burde spelt langt oftare.




Winterblot  av  Bathory er ein annan av mine favorittar.



Neste song på lista er As fire swept clean the earth  av Enslaved. Sidan Enslaved eige, pleier eg å flyte vidare på Havenless.




[..Dei for ifra Nord
Mot ei anna tid
Bak låg brende ord
Framfor dei ei ny strid....]








Når ein då får Black dragon av Dissection etterpå byrjar ein verkeleg å vakne til liv.





Av og til er det greitt med berre instrumental også, som her i låta Redneck stomp av Obiturary .



Pessimist? Ikkje nokon pessimist er som Pessimist av Oslo-bandet Sarke!





All dead here av  Morgul, (tidlegare Charmock and Hex).




 In silence i observe av Carpathian Forest er rett og slett nydeleg. :D



It's darker than you think - Carpathian forest. Kven kan vere ueinig i det?



Eit relativt nytt band på spelelistene mine er DevilDriver, her representert med låta Sin and Sacrifice.



Grace  - Lamb of god. God driv i denne!




Litt metallmoral frå Entombed - To ride, shoot straight and speak the truth.



Også svenskane har mykje bra på metallfronten, som absolutt kan gjere dagen myke betre om ein slepp dei til på høgtalarane. Malfeitor av Watain.




Med alt håp ute, er det vel ikkje anna å gjere enn å gje seg til helvete i veg. Eller middagen for den del, om du då ikkje vil vandre vidare i helvetet med lamb of god: walk with me in hell. :D




Elller du kan ta følgje med Urgehal til tonane av Dødsmarsj til helvete.




Den beste musikken finn ein jo heilt klart i helvete:





Og for dei som vil ligg spelelista ute på Spotify under namnet "Middagslurmetall". :D




tirsdag 27. november 2012

Immunforsvarets krumspring

Etter å ha gått på intravenøs antibiotika i halvannan månad, har eg vore igjennom mange runder med herxing (oppblomstring av symptom som følgje av at bakteriar dør) og nye framsteg. På eit tidspunkt fekk eg dessutan immunbrist, etter at eg fekk ein sjeldan biverknad av Plaquenil. Omlag alle av immunverdiane mine ramla under referanseområda, og eg blei dyrisk utkøyrd. Forenkla sagt vil dette seie at antibiotikaen har midlertidig teke knekken på immunforsvaret mitt saman med borreliabakteriane. Dette er ikkje farleg, så lengje legen held det under oppsyn og ein sjølv er varsam med å utsetje seg for smitte. Stikkorda er streng hygiene, munnbind på plassar der det er mykje folk som kan vere sjuke og å passe på å ikkje ta seg til andletet/augene med mindre ein har reine hender. Handsprit er også eit "må hå" i veska.


Krig i kroppen

Under behandlinga tek ein kontrollprøver som vert sende til Tyskland. Prøvesvara eg fekk for to veker sidan var ikkje heilt oppløftande; Både NK-cellene og CD57+ har sunke. Ideeltt sett skal desse verte høgare etterkvart som det vert mindre borrelia-aktivitet i kroppen. Forklaringa på den negative utviklinga fann legen i LTT-prøvene, som måler kor mykje borrelia-bakterier som er i blodet. På grunn av antibiotikaen og dietten har borreliaen som før gøymde seg i cyster i  nervesystemet, ledd og muskelvev no komme ut i blodet. Dette gjer at mengdene med borreliabakterier i blodet mitt no er mykje større no enn då eg starta. Dette skal ifølgje legane vere bra - sidan dette viser at behandlinga fungerer som den skal. Legen meinte at dette forklarer at eg framleis har symptom frå borreliaen; no er det krig i kroppen. Eg må innrømme at det er litt ekkelt å tenkje på at det framleis aular med borreliabakteriar i blodet. Dette er sanneleg ein gjenstridig og seigliva bakterie!

For å få bukt med immunbristen er Plaquenil-tablettane no skifta ut med Fasigyn, noko som (bank i bordet) fungerer bra. Etter dette bytet byrjar faktisk energien og kampvilja verkeleg å komme tilbake! For å få bukt med resten av symptoma mine (vandrande betennelsar, intens skallebank og facikulasjonar kring om i kroppen), har eg frå måndag av fått ein ny type antibiotika som er betre på å ta knekken på co-infeksjonar. (Flåtten har jo ofte fleire bakteriar i seg enn borrelia, men testane for å finne ut av dette er om mogeleg endå meir upålitelege enn borreliatestane).


Jubelen i taket

På heimebane har eg verkeleg lagt meg i selen for å hjelpe immunforsvaret på beina. Som Hippokrates sa;
“Let food be thy medicine and medicine be thy food”. I praksis vil det seie at hovuddelen av dietten min er rå grønsaker, bløytlagde frø og nøtter, fisk og kylling. Til middag passer eg også på at eg får ein del rå grønsaker ved sidan av dei grønsakene som er ovnssteikt/kokte. Så lenge det let seg gjere, vel eg alltid økologisk. Eg unngår ferdiglaga produkt i den grad det er mogeleg, og lagar det aller meste frå botnen av slik at eg unngår tilsetningsstoff og sprøyterestar.  Eit anna tiltak er å ete nøye utvalde sortar vitaminar og mineral etter retningslinene til Dr. Burrascano, samt ekstra jod mot det låge stoffskiftet. Det blir fort ein liten neve med tablettar per dag, noko som ikkje er heilt billeg sidan ein jo får det ein betaler for. Jubelen stod difor i taket då dei nye immunprøvene synte at alle verdiane no er tilbake til det normale referanseområdet, med unnatak av ein der eg berre manglar ein ørliten margin. Eg reknar igrunnen med at den verdien er på plass i skrivande stund, sidan eg føler meg mykje sterkare i kroppen.

Eg er grådig spent på korleis kroppen min toler den nye antibiotikaen Azithromyzin. Sidan det tek omlag tre timar å få denne medisinen i årene, kan det verte ei utfordring med tanke på at eg blir så utruleg kald og sliten når eg sit med nål i armen. Håpet er likevel at denne medisinen vil vere det som skal til for å få meg heilt frisk til jul. Eg er så utruleg mykje betre no enn kva eg var før eg byrja på behandlinga, så eg håper målet ikkje er så langt unna..! Innimellom herxing og "downperiodar" har eg faktisk dagar der eg føler meg nesten heilt frisk. Etter at eg byrja å få antibiotika intravenøst  har eg hatt fleire bra dagar enn kva eg har hatt i resten av året samla. Det seier ikkje lite.

Det kjennest dessutan ut som ein aldri så liten revolusjon når eg no er i stand til å trene realtivt hardt to gonger for veka. På måndag fann eg også ut at det let seg gjere å trene, ta badstu og deretter slappe av med tre timar intravenøst på klinikken - utan at ein endar opp med kollaps. :) Det er heilt fantastisk etter å ha hatt eit år der eg ikkje har klart å trene i det heile fordi eg har hatt så mange betennelsar. No kan eg både ha på meg treningstopp, ta planken (!), trene spinning og lett styrketrening utan å få betennelsar i brystmuskulatur og senene i armane. Det er ei himmelvid forskjell frå då eg hadde så mykje betennelsar at eg ikkje greidde å gå med bh, kle på meg eller bevege armane utan store smerter. Berre det å spasere ein tur var umogeleg på grunn av smertene. No kan eg ha dagar der eg vaknar opp og kjenner at kroppen er nesten heilt fri for smerter. Det her heilt ubeskriveleg herleg!

Difor er det så ufatteleg trasig og fortvilande å lese om allmennlegar som uttaler seg negativt i media mot langvarig antibiotikabehandling av borrelia. Det er tydeleg at dei ikkje har teke til seg dei siste tredve åra med forsking på området, og at dei ikkje aner kva dei pratar om: VI BLIR JO FRISKE OG FÅR LIVET TILBAKE!





onsdag 24. oktober 2012

Formstigning

Det har vore litt stille frå underteikna siste vekene. Grunnen til det er enkel; eg har byrja på intravenøs antibiotikabehandling, og det har vore travelt å tilpasse seg til både ny behandling og eit tilvære på som nomade. Eg har nemleg flaksa mellom besøksheimane mine hjå  Anders Lundekvam og Sindre Hallset.


Akkurat no føler eg at dagane dreier seg mest om å ete medisin, få medisin intravenøst og unngå alle dei tinga ein ikkje skal få i seg som følgje av behandlinga. Om kalenderen viser måndag, bør eg ideellt sett  ta stoffskiftemedisin kl 08, ete frukost 0830-09 og då ta Plaquenil. Klokka 11 bør eg ta Bio dophilus rett før eg syklar i tjue minutt med oksygen , slik at den får virke i ein god halvtime før intravenøs antibiotika. Nokre timar seinare ved lunsj, er det dags for Azitromax. Då har eg alt rukke å bli passe dårleg i magen, slik eg tydelegvis alltid blir når det er oppstart av ny kur. To timar etter der er det ny runde med bio dophilus. Og eit par rolege timar til plaquenil etter kveldsmat. *puh*  Slik har dagane gått, med unnatak av at magen blir betre frå dag to. Fredag til søndag er det pause frå intravenøs, og då er det generelt sett berre fint å vere til, sjølv om ein ikkje orkar dei store krumspringa.

Så til stridens kjerne, spørsmålet som får offentlege legar (så vel som overlegar), til å sjikanere private legar som tilbyr denne behandlinga på det grovaste på twitter og andre sosiale medium. (Sjokkerande, men dessverre den triste sanninga) ; Blir ein betre av denne behandlinga?

Det opplever eg at vi som får denne behandlinga blir. Det er riktignok ikkje slik at ein opplever miraklar frå dag til dag når det gjeld formstigning, men jamnt over blir formen betre. Personleg har eg blitt noko slappare av antibiotikaen som eg får intravenøst, men eg merkar betring på andre område; hukommelsen er betre og eg føler meg sterkare i kroppen. Første veka var utruleg god slik sett. Eg orka å trakke litt rundt i byen, og fekk trent litt. 

Andre veka fekk eg truleg det som vert kalla Herxheimers syndrom; oppblomstring av gamle symptom, som følgje av at store mengder døde borreliabakteriar hopar seg opp i kroppen og skaper ein forgiftingsreaksjon. Resultatet for min del var at eg vart generelt uvel, utmatta, fasiculasjonar i kroppen, skallebank og  verk i ledda/sener. Så førre helg låg eg stort sett på sofaen, og synest at elendet ville ingen ende ta. Men det gjer det jo! Slik eg har forstått det, kan herxinga gå føre seg i nokre dagar til nokre veker, med ulik intensitet. Det er vel berre å vente på at det går over. Sidan eg er ein relativt liten person og medisinmengda kan verte for stor, skal vi no prøve å fjerne Plaquenil'en for ei stund, slik at vi kan utelukke at symptoma som eg har opplevd ikkje er biverknader av medisinen. Etter snart ei veke utan Plaquenil, føler eg meg ein del piggare.

Eg føler meg i  alle fall i veldig trygge hender når eg når eg er under behandling ved Norsk Borreliose Senter. Noko av det beste ved å få behandlinga der, er at ein får utruleg god oppfølging av fagleg dyktige legar og sjukepleiarar, som kan svare på alle spørsmåla ein har. Det gjer at ein som paisent føler seg godt ivareteken. På behandlingsromma møter ein andre pasientar, som også kan fortelje om samanhengar som ein har lurt på med borreliosen. Og ikkje minst; små knep for å verte betre. Galgenhumor i mørke stunder, og håpet når ein ser kor sjuke ein har vore, kor friske ein har blitt og utsiktene til å bli kvitt plagene for alltid.

Det må også nemnast at eg er rysta over å høyre historiene til enkelte av mine medpasientar. Måten dei har vorte handsama på i helsevesenet, er både uverdig og umenneskleg.

Les gjerne historia til Steffen Iversen her . 21-åringen fekk påvist borrelia, men blei ikkje frisk etter to veker med standard antibiotikakur, og vart deretter send til psykolog.

Eller historia til Ingrid Nordtun: Den tidlegare så aktive læraren hadde konstant hovudpine, sov nærast døgnet rundt og følte seg lamma i heile venstre sida av kroppen. Trass i dei manglade kjenslene i venstre arm og fot, rykningane i kroppen, pustevanskane og problema med å gå, eller antistoffmot borrelia i blodet, opplevde ho at helsevesenet ikkje trudde på ho. Stress og psykolog, var fasiten dei kom med. Les heile saka her .

Eller om borreliasjuke Jonas (12) som legane meinte hadde mista trua på eigne bein, og difor ikkje klarte å gå på dei. Les meir her.

Det verste med desse historiene er likevel  at dei er langt frå unike.Tvert om fortel dei alle fleste eg har vore i kontakt med på Norsk Borreliose Senter om omfattande symptombilete og store lidingar som dei ikkje har fått behandling for i helsevesenet. Mørketala av borreliosepasientar som går utan behandling eller vert feilmedisinerte for andre sjukdommar, er truleg enorme.

Det må politikarane våre gjere noko med, for helsevesenet sjølv er ikkje i stand til å innsjå at behandlinga dei yter i dag både er avleggs og for dårleg både med tanke på diagnostisering og behandling.
Det er difor kjempeflott at Erna Solberg i Høgre har løfta saka opp i Stortinget, og at Laila Dåvøy (KrF) også engasjerer seg. For slik situasjonen for borreliasjuke i dag er heilt uhaldbar.

Tale av Solberg

- Helt uvirkelig


Etter press frå media og stortingspolilitikarar, innrømmer no også avdelingsdirektør Kristin Mehre i helsetilsynet at både kunnskapen og behandlinga i det offentlege er for dårleg.
Sjå saka frå TV2  her .