onsdag 1. august 2012

Ein rå kick-start

Endeleg er kjøleskapet fullt av friske, sunne og reine økologiske frukter og grønsaker! I dag var eg nemleg til Florø for å hente ny forsyning av økologisk frukt og grønt hjå Frisk Flora. To store kasser med grøntfor som er fulle av vitaminar og mineraler gjer det mykje lettare å setje i gang med kosthaldsendringa som eg håper vil gje kroppen og antibiotikakurane solid hjelp i kampen mot borrelia-bakteriane. Ikkje rart at eg vart så hoppande glad at eg måtte tjuvkike på innhaldet alt før eg kom inn på kjøkkenet:



Stikkordet er rått. Jepp, no skal raw food testast grundig ut. Kort sagt går dette ut på at ein lagar mat ved å ete den rå, eller ved å ikkje utsetje maten for meir varme enn ca 40 grader.  På denne måten vil dei fleste næringstoffa forbli i maten, utan å verte øydelagde av varmen. I tillegg bruker eg å bløytleggje nøtter og frø, slik at kroppen lettare skal kunne ta opp næringsstoffa.



I byrjinga er målet å komme opp i 50 prosent rå mat. Sidan eg går på ein relativt heftig antibiotikakur som ikkje er heilt snill mot magen, blir eg nøydd til å ete noko brødmat når eg tek medisiane mine. For tida utforsker eg også fermentering, særleg innan baking av brød, pannekaker og grønsaker. Dette er ein skikkeleg boost for både immunforsvar og fordøyelse. (Blir fleire innlegg om dette etterkvart!)

Sidan borrelia-bakteriane har ein lei tendens til å gå utover immunforsvaret, har eg også starta å ta ein del ekstra kosthaldstilskot i tillegg. Både spirulina, Udos Choice og Udos Optigreen vert tatt til anten middag eller lunsj, saman med ein neve utvalde vitaminar. Så no er planen pallplassering i "NM i Frisk i rekordfart". :D

søndag 29. juli 2012

Den store hamskiftaren

Noko som har fascinert meg ved borreliabakterien, er den unike evna den har til å skifte form og til å imitere andre sjukdommar. Dette gjer at dei som har bitt bitne  av flått (ofte utan at ein er klar over det), trur at ein har andre sjukdommar enn bakterien som herjar i kroppen. Ein kan like gjerne gje borrelia-bakteriaen tittelen "den store hamskiftaren", for både MS, ALS, artrittar, kronisk utmattingssyndrom, ADHD, fibromyalgi og hypokondri er nokre av diagnosene som ofte vert sett som diagnosar før ein finn ut kva som eigentleg er årsaka til plagene. Sidan plagene ofte ikkje er like over lang tid, men flyttar seg frå område til område i kroppen, med ulik intensitet over tid, vert ein som pasient ofte mistrudd av legane når ein vert utreda på dei ulike spesialistavdelingane på sjukehusa.

Borrelia-bakterien sitt sanne andlet

 For min eigen del gjekk eg med senebetennelsar (såkalla kronisk artritt) i både venstre og høgre handledd, begge albogane og brystmusklaturen på høgre og venstre side i nærare 1,5 år før eg fann ut at dette berre var ein konsekvens av eit mykje større problem som gøymde seg i kroppen; ei god suppe av ulike borrelia-bakteriar. Ein av grunnane til at eg fann ut at eg hadde borrelia, var at eg åt store mengder betennelsesdempande medisinar (NSAID's) for å få tatt knekken på betennelsane. Dessverre tok desse tablettane berre knekken på noko langt anna enn det dei skulle; nemleg immunforsvaret. (Betennelsane derimot, heldt stand.)
 
Medan immunforsvaret mitt var svekka som følgje av NSAID'sane, blussa eit spekter av andre plager opp: Hukommelsestap, utmattelse, problem med å finne ord, ekstremt søvnbehov, smerter i kroppen, knasing i ledd (særleg nakke og hovud), tap av kjensler i fingrar/armar, brain fog, ticks og tåkesyn. Sjølv om eg ikkje er lege, skal det ikkje store fantasien til for å forstå at dette er noko utypisk for ein "vanleg senebetennelse".

Tvert om er dette borrelia-bakterien sitt sanne andlet; Den sler til når immunforsvaret er lågt, og sparkar deg grundig medan du ligg nede. Sidan borrelia burgdorferi har ein spiroketform i det den kjem inn i kroppen, får den lett tilgjenge til dei ulike vevstypane og organa i menneskekroppen, der den flyt rundt gjennom blodet. Det er dette som gjer at sjukdomsbiletet skiftar over tid; bakterien erobrar fleire delar av kroppen, og eit vell av plager dukkar opp.


Så spørst det kva plager som er mest framtredande når du er hjå legen. Dersom eg hadde gått til ein vilkårleg allmennlege per i dag, og vist han beina mine, ville eg nok fått diagnosen leddgikt, sjølv om det eg eigentleg har er borrelia. Dei siste månadane har eg hatt store smerter i venstre kne, anklar og i tåleddet på høgre fot som har hovna ein del opp. (nederst på biletet).



Ikkje nok med 14 dagar

I Noreg i dag er vanleg å gje berre ein 14 dagar lang antibiotikakur dersom ein har fått påvist at ein har borrelia. Dette meiner ein av norges fremste borreliaforskarar, Øystein Brorson, at er utilstrekkjeleg behandling. Grunnen til dette er at borreliabakterien har evna til å forvandle seg frå spiroketform til cysteform når den vert utsett for ulike stressfaktorar som til dømes medisin. Når bakterien tek cysteform, vert den vanskelegare å behandle av di den då kan kapsle seg inn i celler og vev. Den låge biologiske aktiviteten kan også føre til at den vert immun mot antibiotika, fordi det tilsynelatande kan sjå ut til at bakterien er død. Når ein då sluttar med behandlinga, vil ein etter ei tid kunne sjå at bakterien vert reaktiver når den opplever at miljøet er så gunstig at den kan ta spiralform. På godt norsk; faenskapet blussar opp att.

Ifølgje borreliaeksperten Joseph J Burrascano JR, vil ein ukomplisert kronisk borreliasjuksom kreve igjennomsnitt minst 6-12 månaders høgdosebehandling med antibiotika. Om ein får tilbakevendande syptom må ein halde fram behandlinga også etter dette. Mange borreliapasientar treng behandling i 1-4 år, eller rett og slett til pasienten er bra att, kor lang tid dette enn tek. 


Hjelp, no også i Norge

Opp i alt er eg grådig glad for at eg endeleg er kommen i behandling ved Norsk Borreliose Senter (NBS) i Oslo, under doktor Rolf Luneng sin kyndige kompetanse. Det kan eg anbefale på det varmaste! No har eg gått på Doxycyclin og Azitromax i snart ein månad, og Plaquelin i omlag to veker. Sjølv om dette er ein god hestekur (tøff behandling), verkar det til at noko positivt også er i ferd med å skje i kroppen. Dette er ein utruleg sterk motivasjonskjelde dei dagane der det føles ut som ein er ein fange i ein døyande lekam. No er det berre å halde fram med pilleknaskinga og det strenge kosthaldsregimet fram til neste time ved NBS  den 14. august. I mellomtida er det godt å ha familie, vener og ikkje minst ein snill kjærast som tek seg av ein så lengje: :D



Les meir:  Artikkelen til Øystein Brorson om borrelia burgdoferi sine cysteformer som stod på trykk i Bioingeniøren

Borrelia- og lymeforreininga i Sverige, link til retningsliner for behandling.

onsdag 18. juli 2012

Noko å setje tenna i

Sidan stoffskifteeksperten sa at det var lurt å eksponere seg for litt gluten for å unngå å gå frå gluten sensitiv, til gluten allergisk, har eg teke ho på ordet. Oppskrifta under fekk eg frå ei venninne. Resultatet vart overraskande bra. Dessutan er brødet enkelt å lage med berre økologiske råvarer, nesten uansett kvar ein er. ;)


Saftig lågkarbobrød


4  egg
1 ts  bakepulver
1/2 boks creme fraiche
3 ss olivenolje
60 gram  kruskakli
70 gram  linfrø
50 gram  sesamfrø
50 gram solsikkekjerner
Litt brødkrydder, til dømes frå Høgt og Vilt




Først blandar du det våte i ein bolle. Altså egg, olje og Creme fraice.




Deretter har du i urter etter smak. Eg valde brødkrydder frå Høgt og Vilt, sidan dei lagar gode økologiske krydderblandingar.




Så veg du opp dei tørre ingrediensane. Som de ser på vekta, har eg ikkje klart å halde meg heilt til oppskrifta og ein liten neve med graskarkjerner har også funne vegen i bollen.





Rør saman. (Omlag på dette tidspunktet var eg litt skeptisk for korleis det ferdige resultatet ville bli.)


Hell røra over i ei smurt form.




Og steik brødet på 180 grader, nederst i ovnen i omlag 50-55 minutt. Avkjøl på rist.




Her skulle det også vere eit ekstra bilete av det ferdige resultatet, men eg må innrømme at brødet rett og slett vart oppete før eg fekk sukk for meg. Skal hive inn eit bilete seinare i kveld. ;)

fredag 13. juli 2012

Kvar finn ein tak i godsakene?

Dette er plassane eg pleier å oppsøkje når kjøkkenet skal fyllast av godsaker:
(Blir oppdatert etterkvart). :D


Reindyrka i Bergen:  Favorittbutikk nummer 1! Eit eldodrado når det gjeld økologiske råvarer! Har det aller meste ein kan ønske seg, også ferske grønsaker og frukt. I tillegg har dei miljøvenleg kosmetikk, reinhaldsartiklar, hygieneprodukt og det ein elles måtte trenge. Her er heimesida til butikken.

Sunkost-butikkar: Der finn du kakaosmør, kakaonibs, Cocosa, ekte vanilje, økologisk bakepulver, økologisk mjøl, linser og gryn etc. Her er også ein del økologisk tørka frukt, for å nemne noko. (Så har dei også kosttilskot, økologisk sjokolade og glutenfritt lågkarbobrød).


www.iherb.com : Her kan du bestille det aller meste, frå krydder til supermat. :)

Astiatiske/innvandrarforretningar har ofte også eit godt utval av økologiske varer og helsekost.

I Førde handlar eg også mykje på Asiatisk mat i sentrum sør. Dei har mykje økologisk mjøl, gryn, linser, pålegg,frø etc. Der er det god service, og ofte mogeleg å gjere små røvarkjøp på varer til halv pris. (Du kan også ringe å be dei legge av varer, så er det klart til du kjem i butikken).




Økologisk frukt og grønt i Sogn og Fjordane:

Å handle økologisk frukt og grønsaker er ikkje enkelt, og krev ein del planlegging og springing frå butikk til butikk. Mi erfaring er at det er best utval i Førde, men at det også her er lite å velje i.

Økologiske grønsaker i Førde:
- Coop Extra har ein del økologiske grønsaker, urter og noko frukt, samt Coop Mega. Det er likevel tilfeldig kva dei har. Der finn du også økologisk mjølk, egg, oliven etc. Dei har også ein del frø og gryn som er økologiske, samt alternativ til laktosedrikkar. Desse er ofte av merket Änglamark. Uansett; sjå etter Debio-merket, det skal stå på varene i tillegg

Skal ein ha mykje forskjellig frukt og grønt, og ein likevel skal ha seg ein tur til Florø, kan det nok lønne seg å ringe Frisk Flora eit par dagar i førevegen på nr 941 79 436. Dei leverer økologisk frukt og grønt i Florø, men det går også an for oss andre å hente varene i Florø eller i Eikefjorden. (Eg skal dit på onsdag, om det er fleire som vil prøve).
FriskFlora håper å starte levering av økologiske grønsaker rett heim på døra til kundar i Førde når det vert mange nok kundar. Trykk her, og sjå kva pakkar du kan kjøpe.






Pulserande pilleknasking

Etter å ha hatt litt vanskar med å takle antibiotikakurane mot borreliaen, har eg no fått eit nytt behandlingsopplegg som fungerer. Og det utan å svi hol i magen! :D I tillegg til Doxylin morgon og kveld, tek eg no også Azitromax, men i halve dosar og berre to dagar på rad. Etter dette har eg to dagar pause, før eg igjen tek Azitromax. Slik går dagane.

Denne behandlingsforma vert kalla "Puls therapy", og går ut på at ein tek antibiotika to eller tre dagar på rad i ei veke. Normalt sett kan dette føre til at ein kan gje større og auka dosar. Dessutan kan ein gje fleire toksiske medisinar med større tryggleik. Ein trur også at dette er ein meir effektiv behandlingsmåte, som lettare kan tilpassast livsstilen, og lommeboka, til pasientane.





Bakdelen er at det tek lenger tid. Slik behandling varer gjerne i mi minimum ti veker, og må ofte halde fram i meir enn tjue veker. Ifølgje Joseph J. Burransascano jr (forfattaren av "Advanced topics in Lyme Disease. Diagnostic hints and treatment guidelines for lyme and other tick born illnesses"), ligg effektiviteteni dette behandlingsregimet i at det tek 48-72 timar med kontinuerleg bactericidal antibiotikanivå for å drepe spirochete  (dette er ei av formene borrelia-bakterien kan ta). Likevel tek det meir tid enn dei to til fire dagane mellom pulsane før spirocheten kjem til hektene igjen.  Ergo vinn antibiotikaen på sikt, sjølv om ein altså må smørje seg med tolmod.

I tillegg til pulsing av antibiotika, kjem behandlinga av borreliasuppa eg har under såkalla "combination therapy". Dette vil seie at ein bruker to eller fleire ulike typar antibiotika samtidig for å få ein synergieffekt av antibiotika, og "compensate for differing killing profiles and sites of action of the individual medications". Denne måten å behandle på dekkjer alle dei tre kjende formene for Borrelia burgdorferi (Bb).

Den største hindringa i denne behanlingsforma, seier Burransascono jr, er at ein kan få GI intoleranse (altså glutenallergi) og "yeast superinfections". Slik eg forstår det, vil dette seie at ein kan få ein slags gjæringsprosess i kroppen, med utslag som til dømes sopp. Det vert likevel poengtert at ein kan lett kan førebyggje desse biverknadane. Sjølv tek eg til dømes Bio-dolphilus for å beskytte magen mot antibiotikaen. I mitt behandlingsopplegg skal eg også unngå å ete kveitemjøl, sukker, frukt og andre slag raske karbohydratar, nettopp for å unngå dette. I tillegg skal eg ikkje ete svinekjøt, storfekjøt, drikke alkohol eller kaffi. Dette har samanheng mellom anna med at blodet ikkje skal bli for surt, samt unngå svingningar i blodsukkeret: "It has been suggestet that when Bb is within a cell, it is held within a vacuole and bathed in a fluid of low pH, and this acidity may inactivate this class of antibiotics".

Uansett; Fordelane er langt større enn ulempene! Å planlegge måltid slik at dei ikkje inneheld matvarer som ikkje går overeins med kurane, har eg fått rimeleg bra kontroll på. Men eg må tilstå at det er litt stress å alltid måtte planlegge dagen ut frå tablettar og måltid. Det positive er at eg toler kurane rimeleg bra, sjølv om eg ikkje er oppegåande meir enn ein liten time eller ti etter at eg har tatt Azitromax. Deretter blir eg inderleg utmatta, og må sove ei stund før eg klarer å komme meg på beina igjen. Vel,vel.. ekte krigarar søv når dei kan! :D
I neste veke skal eg byrja på Plaquelin som candy nr tre, og håpet er at det går finfint!









torsdag 12. juli 2012

Heimelaga sjokolade er fantastisk!

Sunn sjokolade, med godt samvit

Heilt utan skumle tilsetjingsstoff, og heilt utan sukker.
Her er ei "litt på slumpen oppskrift", som fungerer kjempebra.

Eit par bitar med økologisk
Kakaosmør
Ein neve Kakao-nibs
Litt Bourbon-vanilje
Cocosa
Tørka blåbær, aprikos (eller det du måtte like)
Nøtter etter ønske

Bruk økologiske ingrediensar, så vert sjokoladen sunnare og smaker betre.
Smelt kakaosmøret i ei glasskål som du har i vannbad. Bruk låg temperatur; kakaosmøret smeltar ved 32 grader. (Dessutan vert næringstoff og smak øydelagde om du smeltar det direkte i panna)
Bland inn ein liten neve kakaonibs, bourbon-vanilje etter smak og ein liten neve med hakka, tørka blåbær. Eg pleier også å ha i litt hakka nøtter, td macadamianøtter om eg er i humør til det. ;)

Så har du berre sjokoladen oppi sjokoladeformer, og set den i kjøleskåpet. Der toler den å stå ei god stund, i lufttett boks.



(Her er dei sørgelege restane etter at vi hadde ete opp dei beste. Note to self; ta bilete FØR servering).


Fordelen med denne sjokoladen, er at sidan kakao-nibsa' ikkje har blitt varma opp meir enn ca 41 grader før dei kom i pakken, er dei fulle av næringsstoff og antioksidantar. (Rå kakao utklassar lett både bær og frukt). I tillegg får du mykje magnesium, som er viktig for funksjonsevna til både hjartet og hjernen. Også jern finn ein mykje av i rå kakao.
Dessutan er det ei aminosyre som heiter tryptofan som finst i rå kakao. Denne skal gjere det lettare å slappe av, og gjev betre søvn.  Har du i tillegg oppi Cocosa, får du også i deg omega 3 og omega 6.

Og om du blir glad og lykkeleg når du et desse godbitane, så er ikkje det så rart; I sjokolade har ein funne Penylethylamine (PEA). Detter eit stoff som liknar på adrealin, og som vert skapt og frigjort i hjernen når vi er forelska. ;)





søndag 8. juli 2012

Eit sinn i balanse

Sett på spissen er det i dag viktigare å pleie sprettrumpa enn hjernen og sinnet. Det overdimensjonaliserte fokukuset på kropp er eit påfallande trekk ved vår vestlege kultur anno 2012, kor deprimerande dette enn er.  Media og reklamebyråa vert aldri leie av å melde korleis såkalla ekspertar meiner at vi bør sjå ut, og korleis vi kan klare å oppnå dette. Ser ein på opplagstala til aviser og magasiner, samt sendeskjema til fjernsynskanalane, er publikum i dag tilsynelatande umettelege på dette.

 Dessverre har ikkje sinnet same plass i samfunnet. Folk flest blir vel gjerne ikkje merksame på dette før den heilage kroppen ikkje fungerer slik den skal, eller noko i livet skjer seg. Medan kroppen i dag er mange menneske sitt midddel til å demonstrere kor vellukka ein er på sosiale nettstader, er sinnet framleis noko som folk flest ikkje pratar så mykje om. Særleg dei sidene av sinnet som omfattar emosjonar (kjensler). Det fell folk mykje lettare å spørje korleis det går med ein knekt finger, enn korleis det går med psyken. For kva i alle dagar kan ein komme å få til svar då? Og kva skal ein seie så? Kanskje er det derfor vi nordmenn er så kjappe til å svare "Jo, det går bra. Med deg då?" når ein får spørsmålet.

Sjå innover

Eg meiner at det er på tide at vi bør vende blikket meir innover. Rydde litt i sinnet. Og gje plass for påfyll av anna enn perfekte kroppar og historier om perfekte levde liv. For bak fasadene er kvardagen beviseleg ikkje slik ein kan få inntrykk av med perfekte partnarar, ungar og eit evig eventyr. Det er berre å sjå på skilsmissestatistikken og sjukefråverstala det, så ser ein det.
Og ein sit heller ikkje heime og jublar kvar dag, sjølv om ein er sjukmeld og seier "at det går bra".

Det å leve i uvissa, men store smerter er jo ikkje enkelt. Særleg dersom ein ikkje har eit stort kjøtsår på utsida som er enklare for folk å forhalde seg til enn kronglete latinske namn på diagnoser. Personleg synest eg at det vanskelegaste har vore å akseptere at eg ikkje klarer å jobbe enno, samt møtet med legar og behandlarar som ikkje har klart å finne ut kvifor kroppen ikkje fungerer, og personar som stadig spør "kvifor er du ikkje i arbeid". Ein blir også uroleg når ein ikkje er sikker på om ein kjem til å krepere eller ei.

Så til spørsmålet om korleis det går med sinnet. Og til det vil eg svare; opp og ned, men i hovudsak overraskande bra. Ingen dagar er jo like. Nokre dagar er fantastiske, og ein kan klare mykje. Som i går då eg var med på norsk-thailandsk bryllaup, og klarte å danse til to songar. (!) Andre dagar er direkte bedritne, og ein blir redd for symptom ein ikkje forstår, og fryktar at ein kjem til å stryke med før medisinar virkar. Heldigvis er dette heilt normalt. Eg vel å tru at det er variasjonen som gjer summen, slik at ein totalt sett kjem styrka ut av det.

Tren sinnet

På same måte som ein må trene ein kropp til å takle auka belasting, bør ein også trene sinnet til å takle påkjenningar. Eg trur eit godt utgangspunkt er å erkjenne at ein som menneske er meir enn dei plagene ein har. Dessutan bør ein heller definere problema som utfordringar, og ikkje la problema definere kva ein kan gjere. Så må ein kneble den stemma inni seg som seier at "dette får du ikkje til, dette går aldri bra". Det meste går seg jo som regel til, og då ofte langt betre enn kva ein hadde trudd.
Les bøker, sjå dokumentarar og filmar som tvingar ein til å tenkje på noko anna. Utvid horisonten.


Dette har vore noko av det eg har gjort for å få sinnet i balanse, når det har røynt på:

  •  Aksepterer kva ein står ovanfor, og fokuserer på kva ein faktisk kan gjere, i staden for det ein eventuelt ikkje kan gjere. 
  • Innsjå at ting tek tid. Det nyttar ikkje å stresse med å verte frisk. (Been there, done that)
  • Tenk; det kunne vore verre! Og alt er heldigvis ein overgang.
  • Hugs på at livet er no; gjer det beste ut av det som er. Som Richard Bandler sa; det beste med fortida er at den er.. over. :D  Ifølgje Buddah er alt forgjengeleg, så heller ikkje jækelskap varer evig. 
  • Grin ein skvett ved behov, set på høg musikk og drikk ein liten cognac. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. 
  • Ver sosial. Det blir jo ikkje betre av å tenke tunge tankar om att. Orkar ikkje du å komme til verda, så får verda komme til deg.
  • Ta grep om siutasjonen: lær deg mest mogeleg om eigen tilstand.
  • Å gå seg ein tur kan gjere underverk; røyrsle frigjer endorfinar som er kroppen sine eigne lykkepiller.
  •  Om du har jævlige smerter, eller tunge tankar snik seg på:  Legg deg flatt på golvet, is ned der du har vondt, spenn av kroppen og skru av hjernen. Pust roleg inn og ut. Må du tenkje på noko, så tenk på ein situasjon der alt berre var bra og du eigde verda. Tenk intenst på dette, og gjenopplev situasjonen like bra som då du var der. (Høyres spaca ut, men det fungerer med litt trening).
  • Om du har jævlige smerter II: Assosier smertene med noko fint. Eg er mykje plaga med smerter i ein legg, der det føles som larvar et opp kjøtet under huda. Då er det mykje trivlegare å late att augene, og sjå føre seg ein fin, loden pusekatt som leikeklorar/bit ein i leggen.
  • Aldri, aldri gje opp! :D


Og tilslutt; ein fantastisk klassikar: