Kosthald Hypermobilitetssyndrom Hypothyreose Trening

Viser innlegg med etiketten Hypothyreose. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hypothyreose. Vis alle innlegg

tirsdag 27. november 2012

Immunforsvarets krumspring

Etter å ha gått på intravenøs antibiotika i halvannan månad, har eg vore igjennom mange runder med herxing (oppblomstring av symptom som følgje av at bakteriar dør) og nye framsteg. På eit tidspunkt fekk eg dessutan immunbrist, etter at eg fekk ein sjeldan biverknad av Plaquenil. Omlag alle av immunverdiane mine ramla under referanseområda, og eg blei dyrisk utkøyrd. Forenkla sagt vil dette seie at antibiotikaen har midlertidig teke knekken på immunforsvaret mitt saman med borreliabakteriane. Dette er ikkje farleg, så lengje legen held det under oppsyn og ein sjølv er varsam med å utsetje seg for smitte. Stikkorda er streng hygiene, munnbind på plassar der det er mykje folk som kan vere sjuke og å passe på å ikkje ta seg til andletet/augene med mindre ein har reine hender. Handsprit er også eit "må hå" i veska.


Krig i kroppen

Under behandlinga tek ein kontrollprøver som vert sende til Tyskland. Prøvesvara eg fekk for to veker sidan var ikkje heilt oppløftande; Både NK-cellene og CD57+ har sunke. Ideeltt sett skal desse verte høgare etterkvart som det vert mindre borrelia-aktivitet i kroppen. Forklaringa på den negative utviklinga fann legen i LTT-prøvene, som måler kor mykje borrelia-bakterier som er i blodet. På grunn av antibiotikaen og dietten har borreliaen som før gøymde seg i cyster i  nervesystemet, ledd og muskelvev no komme ut i blodet. Dette gjer at mengdene med borreliabakterier i blodet mitt no er mykje større no enn då eg starta. Dette skal ifølgje legane vere bra - sidan dette viser at behandlinga fungerer som den skal. Legen meinte at dette forklarer at eg framleis har symptom frå borreliaen; no er det krig i kroppen. Eg må innrømme at det er litt ekkelt å tenkje på at det framleis aular med borreliabakteriar i blodet. Dette er sanneleg ein gjenstridig og seigliva bakterie!

For å få bukt med immunbristen er Plaquenil-tablettane no skifta ut med Fasigyn, noko som (bank i bordet) fungerer bra. Etter dette bytet byrjar faktisk energien og kampvilja verkeleg å komme tilbake! For å få bukt med resten av symptoma mine (vandrande betennelsar, intens skallebank og facikulasjonar kring om i kroppen), har eg frå måndag av fått ein ny type antibiotika som er betre på å ta knekken på co-infeksjonar. (Flåtten har jo ofte fleire bakteriar i seg enn borrelia, men testane for å finne ut av dette er om mogeleg endå meir upålitelege enn borreliatestane).


Jubelen i taket

På heimebane har eg verkeleg lagt meg i selen for å hjelpe immunforsvaret på beina. Som Hippokrates sa;
“Let food be thy medicine and medicine be thy food”. I praksis vil det seie at hovuddelen av dietten min er rå grønsaker, bløytlagde frø og nøtter, fisk og kylling. Til middag passer eg også på at eg får ein del rå grønsaker ved sidan av dei grønsakene som er ovnssteikt/kokte. Så lenge det let seg gjere, vel eg alltid økologisk. Eg unngår ferdiglaga produkt i den grad det er mogeleg, og lagar det aller meste frå botnen av slik at eg unngår tilsetningsstoff og sprøyterestar.  Eit anna tiltak er å ete nøye utvalde sortar vitaminar og mineral etter retningslinene til Dr. Burrascano, samt ekstra jod mot det låge stoffskiftet. Det blir fort ein liten neve med tablettar per dag, noko som ikkje er heilt billeg sidan ein jo får det ein betaler for. Jubelen stod difor i taket då dei nye immunprøvene synte at alle verdiane no er tilbake til det normale referanseområdet, med unnatak av ein der eg berre manglar ein ørliten margin. Eg reknar igrunnen med at den verdien er på plass i skrivande stund, sidan eg føler meg mykje sterkare i kroppen.

Eg er grådig spent på korleis kroppen min toler den nye antibiotikaen Azithromyzin. Sidan det tek omlag tre timar å få denne medisinen i årene, kan det verte ei utfordring med tanke på at eg blir så utruleg kald og sliten når eg sit med nål i armen. Håpet er likevel at denne medisinen vil vere det som skal til for å få meg heilt frisk til jul. Eg er så utruleg mykje betre no enn kva eg var før eg byrja på behandlinga, så eg håper målet ikkje er så langt unna..! Innimellom herxing og "downperiodar" har eg faktisk dagar der eg føler meg nesten heilt frisk. Etter at eg byrja å få antibiotika intravenøst  har eg hatt fleire bra dagar enn kva eg har hatt i resten av året samla. Det seier ikkje lite.

Det kjennest dessutan ut som ein aldri så liten revolusjon når eg no er i stand til å trene realtivt hardt to gonger for veka. På måndag fann eg også ut at det let seg gjere å trene, ta badstu og deretter slappe av med tre timar intravenøst på klinikken - utan at ein endar opp med kollaps. :) Det er heilt fantastisk etter å ha hatt eit år der eg ikkje har klart å trene i det heile fordi eg har hatt så mange betennelsar. No kan eg både ha på meg treningstopp, ta planken (!), trene spinning og lett styrketrening utan å få betennelsar i brystmuskulatur og senene i armane. Det er ei himmelvid forskjell frå då eg hadde så mykje betennelsar at eg ikkje greidde å gå med bh, kle på meg eller bevege armane utan store smerter. Berre det å spasere ein tur var umogeleg på grunn av smertene. No kan eg ha dagar der eg vaknar opp og kjenner at kroppen er nesten heilt fri for smerter. Det her heilt ubeskriveleg herleg!

Difor er det så ufatteleg trasig og fortvilande å lese om allmennlegar som uttaler seg negativt i media mot langvarig antibiotikabehandling av borrelia. Det er tydeleg at dei ikkje har teke til seg dei siste tredve åra med forsking på området, og at dei ikkje aner kva dei pratar om: VI BLIR JO FRISKE OG FÅR LIVET TILBAKE!





mandag 3. september 2012

Sesongjuster stoffskiftemedisinen din

Det har blitt ei stund sidan siste innlegg. Årsaka til det er enkel; hausten er kommen! Det er kanskje ikkje heilt innlysande, men samanhengen her er at stoffskifteverdiane vert påverka av kulde. Etter ein utruleg sommar med jamnt over aukande stigning i både form og humør, var det litt trasig å oppdage at eg ein dag plutseleg byrja å verke i sener i armane igjen og verte meir utmatta att. I tillegg byrja eg å verte unormalt kald på hud og ledd, og generelt frostig. Berre ein liten spasertur frå fysioterapeuten til butikken på under to minutt fekk fingrane mine til å verte gule og iskalde, type likfingrar.

 Det var ærleg tala ein aldri så liten nedtur, og eg frykta at antibiotikaen mot borreliaen kanskje ikkje verka lenger. Men så las eg i boka; "Living well with hypothyroidism - what your doctor doesn't tell you.. that you need to know" at det med stor sannyn berre er stoffskiftet som speler meg eit puss; Der peikar forfattarane nemleg på at ein må følgje stoffskifteverdiane nøye i høve årstidene. "Research shows, however, that TSH naturally rises during colder months and drops to low normal or even hyperthyroid levels in the warmest months. [..]
 Mange har nemleg behov for meir Levaxin om hausten og vinteren enn om sommaren, nettopp fordi kroppen naturleg produserer meir stoffskiftehormon om sommaren.

Om ein ikkje justerer etter årstid, kan ein oppleve at ein får symptom på høgt stoffskifte om sommaren, og forverring av lågt stoffskifte om vinteren: "Most, however, are not aware of this sesonal fluctuation, and patiens suffer worsening hypothyroidism symptoms during cold winter months, and hyperthyroidism symptoms during warmer months due to slight overdoseage." (Shomon, s 75-76)

Heldigvis har eg ei god mormor som veit botemiddel for kalde fingrar; nemleg heimestrikka ullvottar og ullabbar. Ei venninne av mor mi strikkar også handleddvarmar i ull. :) Sidan vi har bikka september, er det vel på tide å pakke seg inn att.





Det er ikkje berre årstidene som kan verke inn på behovet for stoffskiftemedisin. I tillegg kan ein også etter den første perioden med stoffskiftemedisin kunne oppleve at den misser effekten; dette er eit teikn på at kroppen rett og slett treng meir stoffskiftemedisin. Difor skal eg ta nye stoffskifteprøver ein av dei første dagane.. Eg trur at eg kjem til å auke opp dosen Levaxin med 20mg pr dag same dag som eg har tatt prøvene, med mindre legen ringer og seier at dette ikkje er tilrådeleg. Eg reknar uansett ikkje med at legen er usamd; for når ein går med for lite thyroxin i kroppen, så blir dette nesten som å køyre bil med svært lite, eller utan olje. Då gjeld det å få fylt på att olje så raskt som mogeleg, for å hindre at motoren vert øydelagd. På same måte vil eg difor prøve å få justert opp riktig dose medisin så fort som råd, slik at eg unngår skader og betennelsar på sener. Dette vert ikkje mindre viktig av at borrelia-bakterien fører til at kroppen ikkje greier å reparere seg sjølv like godt om skader oppstår. Ein senebetennelse kan difor verte eit omfattande prosjekt å verte kvitt.

Eit lite apropos i høve stoffskiftemedisin; Ikkje alle legar opplyser om kor viktig det er at du tek Levaxin (eller anna type stoffskiftemedisin) i god tid før du fyller mat i magen. Ideelt sett bør du ta medisinen 30-60 minutt før du et frukost. Dette fordi medisinen vert betre teken opp i systemet om du tek den på fastande mage. (Thyroid power, 10 steps to total health. (Shames, m.fl).
Om ein tek medisinen saman med mat, kan maten også hindre kroppen i å ta opp medisinen ved at ein får ulik syresamansetning i magesekken. (Shomon, s 69)
(Eg vart forresten tipsa av ein stoffskifteekspert om å vente med å ta kosttilskot til eit par timar etter at eg tek Levaxin, slik at den ikkje vert påverka av desse. P-piller kan dessutan svekkje verknaden av Levaxin).










mandag 2. juli 2012

Valuta for pengane!

I dag har eg vore til ein spesialist på stoffskifte, nærare bestemt på Volvat Medisinske Senter i Oslo. Om du lurer på om det var verd å bruke to tusen kroner på ein halvtime, og tilsvarande på reisa?  Så kan eg svare følgjande; Det må vere dei mest velbrukte pengane eg har lagt att nokon stad dei siste åra! Takk og lov for det private helsevesenet! :D

I løpet av konsultasjonen fekk eg all den informasjonen eg trong, tatt riktige blodprøver og ikkje minst hjelp med ein plan for korleis ein skal medisinere hypothyreosen for å komme tilbake til eit normalt nivå. Legen kunne også fortelje mykje om verdien av eit riktig kosthald i høve hypothyreose, noko som er langt meir enn kva ein hadde fått i det offentlege helsevesenet.
.
 Eg er rett og slett utruleg letta, og føler at eg no får den hjelpa eg treng både med stoffskiftet og borreliosen. :D Alternativet hadde jo vore å stå rundt tre månader i kø  i det offentlege medan helsa skranta (mi erfaring etter 1,5 år i ulike sjukehuskøar), og truleg ikkje fått vite stort.

Difor vil eg rette ei STOR takk til Per Egil Hegge i Aftenposten, som hjelpte meg med å finne ein spesialist som verkeleg ER det! :D







tirsdag 26. juni 2012

Endeleg....!

I kveld starta eg på behandlinga av den kroniske borreliosen som har vore årsaka til at eg har vore sjukmeld i 1,5 år. Pillene gjekk ned med stor entusiasme; Det høyres heilt fantastisk ut at eg alt innan eit par veker kanskje kan kjenne betring, om eg toler medisinen og ellers er heldig.

Sidan eg ifølgje dr Rolf Luneng ved Norsk Borreliose Senter har mykje borrelia i kroppen, skal eg starte på ein rimeleg hard antibiotikakur. Det er eg glad for, då det  ikkje har vore noko særleg å få stadig meir krampar og midlertidige lammingar i kroppen, eller oppdage at ein misser kjensla i t.d armar, andlet og bein. (Ei stor takk til "svigermor" som køyrde meg til legevakta på søndag, og til mamma og systa som var her til anfallet gav seg!).


I første omgang skal eg gå eit par veker på Doxylin, før det vert guffa på med andre sortar antibiotika alt etter kva prøveresultata viser.




Eg er også glad for at det ser ut til at eg kan ta Levaxin mot stoffskifteproblema samstundes som eg får behandling mot borreliosen. (Frykta var jo at eg måtte seponere denne til borreliosen var behandla i, for at levaxinen skulle "skjule" symptoma på borreliosen).

Etter råd frå Per Egil Hegge (forfattaren av "Også må de ikke stille spørsmål"), skal eg også møte ein spesialist på stoffskiftesjukdom i Oslo over helga. Så no kan det verkeleg sjå ut til at det ordnar seg. :D







 



fredag 22. juni 2012

Lysglimt

Eg skjønner ikkje kva som skjer med kroppen min. Truleg er det like før borreliaen sler til igjen. Ofte er det jo slik at borreliaen verkar i syklusar der ein kanskje ein får ei veke med betre dagar, før borreliaen igjen blussar opp. Typisk for borreliaen er at den tek deg når du ligg nede; viss du har ein periode med lågare immunforsvar enn normalt, høgg den til.

 Personleg merkar eg det først på at eg misser kjensla i overleppa, så resten andletet. Det er vanskeleg å styre mimikken. Deretter kjem smerta i ledd og sener med uformiska styrke. I det siste har eg hatt mykje problem med venstre beinet. Med det blotte auge kan eg sjå at eg får fleire slike lilla strekar som er typisk for borrelia. Det verste er likevel kjensla av at noko "et ein opp under hudlaget"; Det kriblar, stikk og murrar, og når eg skal bruke foten er den heilt nummen. I tillegg verker både kne og ankel. Så no om dagane går eg rundt og småsnublar, sidan eg ikkje har heilt kontroll på beina.

Det er kanskje ikkje så godt å sjå på desse bileta, men øverst i hudlaget ser de små lilla-raude strekar. Desse har ikkje vore der før. 






Desse strekane på leggen har spreidd seg  mykje i det siste. (På biletet kan de forøvrig sjå ein lite kjekk biverknad av hyperbomilitetssyndrom: tydelege blodårer. Det er den mørkeblå/lilla streken som er tjukkare enn dei andre. På sikt vil nok dette verte eit prakteksemplar av ein åreknute. Grøss.)






Noko som uroar meg, er at eg eg føler at borreliaen har spreidd seg ytterlegare i kroppen. Kvilepulsen min har dobla seg, og er rundt på 95 når eg ligg. (Normalt pleier eg å ligge mellom 45-50). Dessverre har eg også fått lilla strekar over bringa. Om dette vil seie at borreliaen har spreidd seg til hjartet, veit eg ikkje. Men eg håper inderleg ikkje det!
 Sjølvsagt kan det vere at borreliaen verkar inn på stoffskiftet. Om ein har hypothyreose/lågt stoffskifte til vanleg, tyder forsking på at borreliaen kan få stoffskiftet til å svinge, slik at ein får periodar med hypertereose-høgt stoffskifte.


No lurer de kanskje på kvifor eg kalla tråden lysglimt? Det fine i ein elles bedriten situasjon, er at dr. Luneng ved Norsk Borreliose Senter har sagt at eg skal få time og behandling enn rekna med. :D Forhåpentlegvis i juni, eller i byrjinga av juli.

I tillegg har Per Egil Hegge (tidlegare redaktør i Aftenposten, og forfattar av boka "Og så må de ikke stille spørsmål!)  Sagt at han vil hjelpe meg å komme i kontakt med ein lege som har høg kompetanse på stoffskifte. PS. Dersom du trykkjer på denne linken, kan de laste ned/lese boka i PDF-format.
Og dessutan har eg oppdaga ein anna biverknad av å ha vore sjukmeld i 1,5 år; Eg har fått mykje betre syn! :D Har gått ned mykje i styrke, og det kjem ifølgje optikaren av at eg ikkje har brukt pc'en så mykje som før.  (Noko å tenkje på, de som bruker pc mykje på jobb? ;) )  

Dessverre ser det ut til at eg ikkje får behandla hypothyreosen før etter at eg er ferdig med antibiotikakurane. Årsaka til det, så vidt eg har klart å lese meg opp, er at om ein tek til dømes Levaxin mot lågt stoffskifte, så kan/vil dette kamuflere ein del av symptoma på borreliose slik at ein kan komme til å bli lurt til å tru at ein har blitt frisk av borreliose, medan ein eigentleg berre har fått meir energi som følgje av at ein får tilført thyroxin.


Eg skal legge til fleire kjelder og linkar på sammanhengen mellom borreliose/lyme og hypothyreose seinare i dag.

No skal eg prøve å bake ei kake  til den fillippinsk-norske bonding-festen eg skal på i morgon.  Sidan eg har gjeve vekk omlag alle matvarene mine med gluten, må eg bite i eplet og kjøpe nytt mjøl. Stoler ikkje heilt på at eg er stødig nok på glutenfri-baking til at resultatet vil bli verdig ein sådan fest. ;)









mandag 18. juni 2012

Hypothyreose

Hypothyreose tyder det same som lågt stoffskifte. Dette kjem av at ein liten kjertel ved strupehovudet, skjoldbrukskjertelen,  ikkje lenger produser hormon. Det viktigaste av desse hormona heiter tyoroksin. Det er dette som kontrollerer stoffskiftet, som mellom anna styrer kor raskt kroppen bruker energien frå mat. Om skjoldbrukskjertelen ikkje produserer nok hormon, er det vanlegvis fordi kroppen sitt eige forsvarsystem, immunforsvaret, angrip denne.  Når skjoldbrukskjertelen ikkje fungerer, kan dette vise seg anten som lågt stoffskifte (hypothyreose) eller som høgt stoffskifte (hyperthereose). I det siste tilfellet vert det produsert for mykje av tyroksin.


Korleis merkar ein det?

Dette er ein sjukdom som kjem snikande, og ein trur at mange er arveleg disponerte. Dette vil seie at sannsynet er stort for at du har/kan utvikle det om mor/syster eller andre i slekta di har det. I tillegg verkar ein det til at livskriser, død i famlie/omgangskrets, stort arbeidspress ulukker etc kan utløyse sjukdommen. Også fødslar kan utløyse sjukdommen, og ein mistenkjer at det kan vere ein samanheng mellom sjukdomen og fødselsdepresjonar.

I min familie var vi ikkje klar over dette før eg fekk det påvist. Etter at eg fekk påvist lågt stoffskifte, har vi teke til å nøste opp i slekta vår. No viser det seg at oldemor mi vart operert for struma. Dette gjer at fleire i slekta mi no skal til legen for å få undersøkt om dei også kan ha sjukdommen.

Ifølgje Norsk Thyreoideaforbund har omlag 80% av dei som får hypothyreose den autoimmune varianten som er kalt Hashimoto. Nokon utviklar også andre autoimmune sjukdommer som diabetes, revmatisme, leddgikt, Sjøgrens syndrom, pernisiøs anemi m.m. Sykdommen finst i alle aldersgrupper, og den aukar hyppigere med aukar alder. Det er flest kvinner som får sykdommen.

Fordi Thyroxin verker på alle celler i heile kroppen, gjev mangel på hormonet mange ulike symptom. Sidan hypothyreose snik seg innpå deg gradvis, kan det vere vanskeleg å leggje merke til endringar.
Sjølv oppdaga eg plutseleg ein dag at eg har skifta farge:
 

Dette er symptoma på  hypothereose- lågt stoffskifte:

  • Trøyttheit, stort søvnbehov, apati, manglande initiativ, depresjon-tungsinn, angst
  • Muskel- og leddsmerter, hovne ledd og musklar
  • Tørst
  • Sviktande hukommelse, nedsatt konsentrasjonsevne, manglande initiativ
  • Tendens til å fryse
  •  Nedsatt apetitt, men likevel vektauke
  • Låg brodprosent, forstoppelse, hjå kvinner med kraftig menstruasjon
  • Pistrete livlaust hår, tørre negler som lett sprekk. Mine ramlar dessutan lett av.

  • Harking/kremting, hesheit, klump i halsen, auka storleik på tungerota, dypare stemme
  • Endra ansiktstrekk - manglande mimikk
  • Tørr og pløsete hud, smale innsunkne auge
  • Hørselsproblemm og øyresus kan komme om ein har hatt sjukdommen lenge
  • Redusert toleranse for alkohol
  • Manglande sexlyst

 

Medan dette er er symptom på hyperthereose - høgt stoffskifte:

  • Rastlausheit (men kan og vere sterkt trøytt)
  • Søvnmangel
  • Sitring i fingrar og tær
  • Muskel- og leddsmerter,
  • Hjarteflimmer
  •  Diare hjå kvinner med sterke mensplager
  • Press på aguene, utbulande augeepler, synsforstyrringar
  • Muskelsmerter
  • Vekttap
  • Stor appetitt
  • Tendensar til å sveitte

Eg har forstått det slik at like før skjoldbrukskjertelen "takkar for seg", vil kroppen kjempe grådig imot. Dette kan føre til at ein kan kjenne symptom frå begge diagnosene. I alle fall har eg gjort det. For min del verkar det som om årstid verkar inn på kva symptom eg har mest av, utan at eg kan fundere dette i fagleg lesestoff.

Viss du mistenkjer at du er i faresona, så gjer du slik:

  • Be legen om å ta ei blodprøve for å få slått fast TSH-nivået, nivået for T4 (Fritt tyroksin) og for T3 (trijodtyronin).
  • Be om å få tala. Ikkje nøy deg med at legen seier at dei er normale. Er dei normale og plagene held fram, så ber du om å få målt forekomsten av eventuelle antistoff (TPO) og insister på å få tatt nye prøver etter td. tre månader. 
  • "Om prøvene er normale, og du har alle symptoma kan du likevel ha sjukdommen. For. Om ein spring orientering, og kartet ikkje stemmer med terrenget, då er det terrenget ein lyt halde seg til!" (Per Egil Hegge).

Eg tilrår på det sterkaste  at de les denne boka:


 Der finn de mykje informasjon om stoffskiftesjukdommar, og korleis ein bør gå fram i helsevesenet. I boka kan ein også lese om norske legar sine manglande kunnskapar om sjukdommen, mykje fordi dei ikkje fekk rett undervising i utdanninga si.  Du kan også lese boka på dette forumet. Bla langt ned i tråden, så ligg heile boka der.








































































lørdag 16. juni 2012

Vegen opp frå botnen

Denne veka fekk eg vite at eg har vore feilbehandla i nærare 1,5 år. Dette kan forklare kvifor eg har blitt i stadig verre forfatning, trass i intens behandling med ymse tablettar og kiropraktikk/fyseoterapi for senebetennelsar.
Legane har no sett dei kronglete namna "Hypothyreose" og "Hypermobilitetssyndrom med myalgier" som årsak til smertehelvetet og dei andre plagene eg har kava med dei siste åra.  Kort sagt vil dette seie at eg har fått lågt stoffskifte som følgje av at skjoldbrukskjertelen min har slutta å produsere dei hormona kroppen treng for å utføre ulike oppgåver som t.d å lage energi og halde celler ved like. Kombinert med hypermobilitetssyndrom, som vil seie at ein har for mykje bevegelse i ledd og sener, har eg fått leddslitasje med mykje smerter. Dette førte til at eg har vore sjukmeld sidan desember 2010.

Kva har skjedd med Sissel?
Sidan eg ikkje er ekspert på verken hypothyreose eller hypermobilitetssyndrom, tek eg utgangspunkt i min eigen situasjon og mine erfaringar. Frå utsida er det kanskje lettast å sjå at eg har gått frå veltrent til "kvapsete", med tynt, pistrete hår og tørr hud/negler som ramlar av. Eg er ikkje lenger full av energi, kreativitet og skaparlyst, slik som eg brukte å vere. I staden er eg stort sett utmatta og trøytt, og vert ofte aktutt sliten når eg prøvar å gjere noko.
 Smerter i ledd og sener er ein naturleg del av kvardagen, med varierande intensitet. Dårleg hukommelse og konsentrasjon, kombinert med vanskar med å finne dei rette orda og oppfatte kva som vert sagt i sosiale situasjonar, gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen. Sidan eg nesten alltid frys, er det også vanskeleg å vere med på ting. Dessutan er eg alltid tørst og tørr i auga. Eg er mykje plaga med svimmelheit, og har lett for å svime av.

Så er det alle dei tinga ein ikkje pratar om.  At livet føles jævlig. At legane famlar i blinde, og ikkje tek seg tid til å finne ut kvifor. At det ikkje finst hjelp å få. At ein står i ein evig helsekø. Og kjensla av at det eigentleg hadde vore det beste om ein gjorde ende på seg sjølv, slik at i det minste smertene gav seg.
Sidan eg tidlegare har vore gjennom ei rimeleg tøff kreftbehandling, veit eg at livet er ei gåve. Kva gjer ein då, når ein ikkje ser lys i mørke?
Jo. Ein grin  sine modige tårer, og  ringjer til gode vener, syster eller mor/far, som heiar på deg uansett. Eg må tilstå at eg også har pleidd å skru stereoanlegget på fullt, og høyrt på metall medan ein dram konjakk har sklidd ned strupen, og gjeve meg fred til eg vakna opp att.

Etter å ha brukt nærare tjue tusen kroner på feilslått behandling, og tapt 1,5 år i arbeislivet, har eg no endeleg fått vite kvifor. Det kjennest godt. No kan eg omsider få rett behandling, og fokusere på å bli frisk att. For det har vore tøft å måtte kjempe seg gjennom helsevesenet. Særleg møta med behandlarar som gav ein opp, sidan dei ikkje fann ut kva det var, har vore ei påkjenning. Det verste var eksperten i Nordfjord, som ikkje kunne finne noko gale, og difor ytra orda;  "Enkelte vert for opphengt i å kjenne etter, og å finne nye plager. Var eg deg, ville eg gått heim og ikkje tenkt meir på dette."
Hadde eg høyrt på han, kunne eg ha stroke med. Av og til er det godt å vere ein sta jævel.

Kva skjer vidare?
I neste veke skal eg byrja på Levaxin, for å få kontroll på stoffskiftet igjen. Desse vil først byrja å virke etter eit par veker.I tillegg skal eg ta nokre tablettar for leddplagene som heiter Sarotex. Ifølgje legen vil dette føre til at eg vil få ein hangover i ei veke eller to før dei tek til å verke som dei skal. (Ber over med meg, folkens!)

Ellers må eg lære å bruke kroppen min på nytt. Alt frå å gå, stå, sitje og skrive. Dette er fordi det er for mykje "slark"/utslag i ledda, noko som gjev slitasje og betennelsar i ledd, sener og musklane kring. Eg reknar med at dette ikkje blir heilt enkelt, men eg skal klare det.

Dessutan skal eg leggje om kosthald og livsstil fullstendig, for å for å betre kunne leve med hypothyreose. I første omgang betyr dette at eg legg om frå vanleg kost til glutenfri og økologisk mat, samt at eg kjem til å satse på ein rein livsstil.

Heldigvis har eg ein arbeidsgjevar som er tolmodig, og vil vente på at eg vert frisk att. Målet mitt er å komme tilbake i jobben min som journalist i avisa Firda hausten 2012.