I dag har eg vore til ein spesialist på stoffskifte, nærare bestemt på Volvat Medisinske Senter i Oslo. Om du lurer på om det var verd å bruke to tusen kroner på ein halvtime, og tilsvarande på reisa? Så kan eg svare følgjande; Det må vere dei mest velbrukte pengane eg har lagt att nokon stad dei siste åra! Takk og lov for det private helsevesenet! :D
I løpet av konsultasjonen fekk eg all den informasjonen eg trong, tatt riktige blodprøver og ikkje minst hjelp med ein plan for korleis ein skal medisinere hypothyreosen for å komme tilbake til eit normalt nivå. Legen kunne også fortelje mykje om verdien av eit riktig kosthald i høve hypothyreose, noko som er langt meir enn kva ein hadde fått i det offentlege helsevesenet.
.
Eg er rett og slett utruleg letta, og føler at eg no får den hjelpa eg treng både med stoffskiftet og borreliosen. :D Alternativet hadde jo vore å stå rundt tre månader i kø i det offentlege medan helsa skranta (mi erfaring etter 1,5 år i ulike sjukehuskøar), og truleg ikkje fått vite stort.
Difor vil eg rette ei STOR takk til Per Egil Hegge i Aftenposten, som hjelpte meg med å finne ein spesialist som verkeleg ER det! :D
Jeeeei! :D
SvarSlett