søndag 8. juli 2012

Eit sinn i balanse

Sett på spissen er det i dag viktigare å pleie sprettrumpa enn hjernen og sinnet. Det overdimensjonaliserte fokukuset på kropp er eit påfallande trekk ved vår vestlege kultur anno 2012, kor deprimerande dette enn er.  Media og reklamebyråa vert aldri leie av å melde korleis såkalla ekspertar meiner at vi bør sjå ut, og korleis vi kan klare å oppnå dette. Ser ein på opplagstala til aviser og magasiner, samt sendeskjema til fjernsynskanalane, er publikum i dag tilsynelatande umettelege på dette.

 Dessverre har ikkje sinnet same plass i samfunnet. Folk flest blir vel gjerne ikkje merksame på dette før den heilage kroppen ikkje fungerer slik den skal, eller noko i livet skjer seg. Medan kroppen i dag er mange menneske sitt midddel til å demonstrere kor vellukka ein er på sosiale nettstader, er sinnet framleis noko som folk flest ikkje pratar så mykje om. Særleg dei sidene av sinnet som omfattar emosjonar (kjensler). Det fell folk mykje lettare å spørje korleis det går med ein knekt finger, enn korleis det går med psyken. For kva i alle dagar kan ein komme å få til svar då? Og kva skal ein seie så? Kanskje er det derfor vi nordmenn er så kjappe til å svare "Jo, det går bra. Med deg då?" når ein får spørsmålet.

Sjå innover

Eg meiner at det er på tide at vi bør vende blikket meir innover. Rydde litt i sinnet. Og gje plass for påfyll av anna enn perfekte kroppar og historier om perfekte levde liv. For bak fasadene er kvardagen beviseleg ikkje slik ein kan få inntrykk av med perfekte partnarar, ungar og eit evig eventyr. Det er berre å sjå på skilsmissestatistikken og sjukefråverstala det, så ser ein det.
Og ein sit heller ikkje heime og jublar kvar dag, sjølv om ein er sjukmeld og seier "at det går bra".

Det å leve i uvissa, men store smerter er jo ikkje enkelt. Særleg dersom ein ikkje har eit stort kjøtsår på utsida som er enklare for folk å forhalde seg til enn kronglete latinske namn på diagnoser. Personleg synest eg at det vanskelegaste har vore å akseptere at eg ikkje klarer å jobbe enno, samt møtet med legar og behandlarar som ikkje har klart å finne ut kvifor kroppen ikkje fungerer, og personar som stadig spør "kvifor er du ikkje i arbeid". Ein blir også uroleg når ein ikkje er sikker på om ein kjem til å krepere eller ei.

Så til spørsmålet om korleis det går med sinnet. Og til det vil eg svare; opp og ned, men i hovudsak overraskande bra. Ingen dagar er jo like. Nokre dagar er fantastiske, og ein kan klare mykje. Som i går då eg var med på norsk-thailandsk bryllaup, og klarte å danse til to songar. (!) Andre dagar er direkte bedritne, og ein blir redd for symptom ein ikkje forstår, og fryktar at ein kjem til å stryke med før medisinar virkar. Heldigvis er dette heilt normalt. Eg vel å tru at det er variasjonen som gjer summen, slik at ein totalt sett kjem styrka ut av det.

Tren sinnet

På same måte som ein må trene ein kropp til å takle auka belasting, bør ein også trene sinnet til å takle påkjenningar. Eg trur eit godt utgangspunkt er å erkjenne at ein som menneske er meir enn dei plagene ein har. Dessutan bør ein heller definere problema som utfordringar, og ikkje la problema definere kva ein kan gjere. Så må ein kneble den stemma inni seg som seier at "dette får du ikkje til, dette går aldri bra". Det meste går seg jo som regel til, og då ofte langt betre enn kva ein hadde trudd.
Les bøker, sjå dokumentarar og filmar som tvingar ein til å tenkje på noko anna. Utvid horisonten.


Dette har vore noko av det eg har gjort for å få sinnet i balanse, når det har røynt på:

  •  Aksepterer kva ein står ovanfor, og fokuserer på kva ein faktisk kan gjere, i staden for det ein eventuelt ikkje kan gjere. 
  • Innsjå at ting tek tid. Det nyttar ikkje å stresse med å verte frisk. (Been there, done that)
  • Tenk; det kunne vore verre! Og alt er heldigvis ein overgang.
  • Hugs på at livet er no; gjer det beste ut av det som er. Som Richard Bandler sa; det beste med fortida er at den er.. over. :D  Ifølgje Buddah er alt forgjengeleg, så heller ikkje jækelskap varer evig. 
  • Grin ein skvett ved behov, set på høg musikk og drikk ein liten cognac. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. 
  • Ver sosial. Det blir jo ikkje betre av å tenke tunge tankar om att. Orkar ikkje du å komme til verda, så får verda komme til deg.
  • Ta grep om siutasjonen: lær deg mest mogeleg om eigen tilstand.
  • Å gå seg ein tur kan gjere underverk; røyrsle frigjer endorfinar som er kroppen sine eigne lykkepiller.
  •  Om du har jævlige smerter, eller tunge tankar snik seg på:  Legg deg flatt på golvet, is ned der du har vondt, spenn av kroppen og skru av hjernen. Pust roleg inn og ut. Må du tenkje på noko, så tenk på ein situasjon der alt berre var bra og du eigde verda. Tenk intenst på dette, og gjenopplev situasjonen like bra som då du var der. (Høyres spaca ut, men det fungerer med litt trening).
  • Om du har jævlige smerter II: Assosier smertene med noko fint. Eg er mykje plaga med smerter i ein legg, der det føles som larvar et opp kjøtet under huda. Då er det mykje trivlegare å late att augene, og sjå føre seg ein fin, loden pusekatt som leikeklorar/bit ein i leggen.
  • Aldri, aldri gje opp! :D


Og tilslutt; ein fantastisk klassikar:









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar