Kosthald Hypermobilitetssyndrom Hypothyreose Trening

Viser innlegg med etiketten Livsstil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Livsstil. Vis alle innlegg

onsdag 1. august 2012

Ein rå kick-start

Endeleg er kjøleskapet fullt av friske, sunne og reine økologiske frukter og grønsaker! I dag var eg nemleg til Florø for å hente ny forsyning av økologisk frukt og grønt hjå Frisk Flora. To store kasser med grøntfor som er fulle av vitaminar og mineraler gjer det mykje lettare å setje i gang med kosthaldsendringa som eg håper vil gje kroppen og antibiotikakurane solid hjelp i kampen mot borrelia-bakteriane. Ikkje rart at eg vart så hoppande glad at eg måtte tjuvkike på innhaldet alt før eg kom inn på kjøkkenet:



Stikkordet er rått. Jepp, no skal raw food testast grundig ut. Kort sagt går dette ut på at ein lagar mat ved å ete den rå, eller ved å ikkje utsetje maten for meir varme enn ca 40 grader.  På denne måten vil dei fleste næringstoffa forbli i maten, utan å verte øydelagde av varmen. I tillegg bruker eg å bløytleggje nøtter og frø, slik at kroppen lettare skal kunne ta opp næringsstoffa.



I byrjinga er målet å komme opp i 50 prosent rå mat. Sidan eg går på ein relativt heftig antibiotikakur som ikkje er heilt snill mot magen, blir eg nøydd til å ete noko brødmat når eg tek medisiane mine. For tida utforsker eg også fermentering, særleg innan baking av brød, pannekaker og grønsaker. Dette er ein skikkeleg boost for både immunforsvar og fordøyelse. (Blir fleire innlegg om dette etterkvart!)

Sidan borrelia-bakteriane har ein lei tendens til å gå utover immunforsvaret, har eg også starta å ta ein del ekstra kosthaldstilskot i tillegg. Både spirulina, Udos Choice og Udos Optigreen vert tatt til anten middag eller lunsj, saman med ein neve utvalde vitaminar. Så no er planen pallplassering i "NM i Frisk i rekordfart". :D

fredag 13. juli 2012

Kvar finn ein tak i godsakene?

Dette er plassane eg pleier å oppsøkje når kjøkkenet skal fyllast av godsaker:
(Blir oppdatert etterkvart). :D


Reindyrka i Bergen:  Favorittbutikk nummer 1! Eit eldodrado når det gjeld økologiske råvarer! Har det aller meste ein kan ønske seg, også ferske grønsaker og frukt. I tillegg har dei miljøvenleg kosmetikk, reinhaldsartiklar, hygieneprodukt og det ein elles måtte trenge. Her er heimesida til butikken.

Sunkost-butikkar: Der finn du kakaosmør, kakaonibs, Cocosa, ekte vanilje, økologisk bakepulver, økologisk mjøl, linser og gryn etc. Her er også ein del økologisk tørka frukt, for å nemne noko. (Så har dei også kosttilskot, økologisk sjokolade og glutenfritt lågkarbobrød).


www.iherb.com : Her kan du bestille det aller meste, frå krydder til supermat. :)

Astiatiske/innvandrarforretningar har ofte også eit godt utval av økologiske varer og helsekost.

I Førde handlar eg også mykje på Asiatisk mat i sentrum sør. Dei har mykje økologisk mjøl, gryn, linser, pålegg,frø etc. Der er det god service, og ofte mogeleg å gjere små røvarkjøp på varer til halv pris. (Du kan også ringe å be dei legge av varer, så er det klart til du kjem i butikken).




Økologisk frukt og grønt i Sogn og Fjordane:

Å handle økologisk frukt og grønsaker er ikkje enkelt, og krev ein del planlegging og springing frå butikk til butikk. Mi erfaring er at det er best utval i Førde, men at det også her er lite å velje i.

Økologiske grønsaker i Førde:
- Coop Extra har ein del økologiske grønsaker, urter og noko frukt, samt Coop Mega. Det er likevel tilfeldig kva dei har. Der finn du også økologisk mjølk, egg, oliven etc. Dei har også ein del frø og gryn som er økologiske, samt alternativ til laktosedrikkar. Desse er ofte av merket Änglamark. Uansett; sjå etter Debio-merket, det skal stå på varene i tillegg

Skal ein ha mykje forskjellig frukt og grønt, og ein likevel skal ha seg ein tur til Florø, kan det nok lønne seg å ringe Frisk Flora eit par dagar i førevegen på nr 941 79 436. Dei leverer økologisk frukt og grønt i Florø, men det går også an for oss andre å hente varene i Florø eller i Eikefjorden. (Eg skal dit på onsdag, om det er fleire som vil prøve).
FriskFlora håper å starte levering av økologiske grønsaker rett heim på døra til kundar i Førde når det vert mange nok kundar. Trykk her, og sjå kva pakkar du kan kjøpe.






torsdag 12. juli 2012

Heimelaga sjokolade er fantastisk!

Sunn sjokolade, med godt samvit

Heilt utan skumle tilsetjingsstoff, og heilt utan sukker.
Her er ei "litt på slumpen oppskrift", som fungerer kjempebra.

Eit par bitar med økologisk
Kakaosmør
Ein neve Kakao-nibs
Litt Bourbon-vanilje
Cocosa
Tørka blåbær, aprikos (eller det du måtte like)
Nøtter etter ønske

Bruk økologiske ingrediensar, så vert sjokoladen sunnare og smaker betre.
Smelt kakaosmøret i ei glasskål som du har i vannbad. Bruk låg temperatur; kakaosmøret smeltar ved 32 grader. (Dessutan vert næringstoff og smak øydelagde om du smeltar det direkte i panna)
Bland inn ein liten neve kakaonibs, bourbon-vanilje etter smak og ein liten neve med hakka, tørka blåbær. Eg pleier også å ha i litt hakka nøtter, td macadamianøtter om eg er i humør til det. ;)

Så har du berre sjokoladen oppi sjokoladeformer, og set den i kjøleskåpet. Der toler den å stå ei god stund, i lufttett boks.



(Her er dei sørgelege restane etter at vi hadde ete opp dei beste. Note to self; ta bilete FØR servering).


Fordelen med denne sjokoladen, er at sidan kakao-nibsa' ikkje har blitt varma opp meir enn ca 41 grader før dei kom i pakken, er dei fulle av næringsstoff og antioksidantar. (Rå kakao utklassar lett både bær og frukt). I tillegg får du mykje magnesium, som er viktig for funksjonsevna til både hjartet og hjernen. Også jern finn ein mykje av i rå kakao.
Dessutan er det ei aminosyre som heiter tryptofan som finst i rå kakao. Denne skal gjere det lettare å slappe av, og gjev betre søvn.  Har du i tillegg oppi Cocosa, får du også i deg omega 3 og omega 6.

Og om du blir glad og lykkeleg når du et desse godbitane, så er ikkje det så rart; I sjokolade har ein funne Penylethylamine (PEA). Detter eit stoff som liknar på adrealin, og som vert skapt og frigjort i hjernen når vi er forelska. ;)





søndag 8. juli 2012

Eit sinn i balanse

Sett på spissen er det i dag viktigare å pleie sprettrumpa enn hjernen og sinnet. Det overdimensjonaliserte fokukuset på kropp er eit påfallande trekk ved vår vestlege kultur anno 2012, kor deprimerande dette enn er.  Media og reklamebyråa vert aldri leie av å melde korleis såkalla ekspertar meiner at vi bør sjå ut, og korleis vi kan klare å oppnå dette. Ser ein på opplagstala til aviser og magasiner, samt sendeskjema til fjernsynskanalane, er publikum i dag tilsynelatande umettelege på dette.

 Dessverre har ikkje sinnet same plass i samfunnet. Folk flest blir vel gjerne ikkje merksame på dette før den heilage kroppen ikkje fungerer slik den skal, eller noko i livet skjer seg. Medan kroppen i dag er mange menneske sitt midddel til å demonstrere kor vellukka ein er på sosiale nettstader, er sinnet framleis noko som folk flest ikkje pratar så mykje om. Særleg dei sidene av sinnet som omfattar emosjonar (kjensler). Det fell folk mykje lettare å spørje korleis det går med ein knekt finger, enn korleis det går med psyken. For kva i alle dagar kan ein komme å få til svar då? Og kva skal ein seie så? Kanskje er det derfor vi nordmenn er så kjappe til å svare "Jo, det går bra. Med deg då?" når ein får spørsmålet.

Sjå innover

Eg meiner at det er på tide at vi bør vende blikket meir innover. Rydde litt i sinnet. Og gje plass for påfyll av anna enn perfekte kroppar og historier om perfekte levde liv. For bak fasadene er kvardagen beviseleg ikkje slik ein kan få inntrykk av med perfekte partnarar, ungar og eit evig eventyr. Det er berre å sjå på skilsmissestatistikken og sjukefråverstala det, så ser ein det.
Og ein sit heller ikkje heime og jublar kvar dag, sjølv om ein er sjukmeld og seier "at det går bra".

Det å leve i uvissa, men store smerter er jo ikkje enkelt. Særleg dersom ein ikkje har eit stort kjøtsår på utsida som er enklare for folk å forhalde seg til enn kronglete latinske namn på diagnoser. Personleg synest eg at det vanskelegaste har vore å akseptere at eg ikkje klarer å jobbe enno, samt møtet med legar og behandlarar som ikkje har klart å finne ut kvifor kroppen ikkje fungerer, og personar som stadig spør "kvifor er du ikkje i arbeid". Ein blir også uroleg når ein ikkje er sikker på om ein kjem til å krepere eller ei.

Så til spørsmålet om korleis det går med sinnet. Og til det vil eg svare; opp og ned, men i hovudsak overraskande bra. Ingen dagar er jo like. Nokre dagar er fantastiske, og ein kan klare mykje. Som i går då eg var med på norsk-thailandsk bryllaup, og klarte å danse til to songar. (!) Andre dagar er direkte bedritne, og ein blir redd for symptom ein ikkje forstår, og fryktar at ein kjem til å stryke med før medisinar virkar. Heldigvis er dette heilt normalt. Eg vel å tru at det er variasjonen som gjer summen, slik at ein totalt sett kjem styrka ut av det.

Tren sinnet

På same måte som ein må trene ein kropp til å takle auka belasting, bør ein også trene sinnet til å takle påkjenningar. Eg trur eit godt utgangspunkt er å erkjenne at ein som menneske er meir enn dei plagene ein har. Dessutan bør ein heller definere problema som utfordringar, og ikkje la problema definere kva ein kan gjere. Så må ein kneble den stemma inni seg som seier at "dette får du ikkje til, dette går aldri bra". Det meste går seg jo som regel til, og då ofte langt betre enn kva ein hadde trudd.
Les bøker, sjå dokumentarar og filmar som tvingar ein til å tenkje på noko anna. Utvid horisonten.


Dette har vore noko av det eg har gjort for å få sinnet i balanse, når det har røynt på:

  •  Aksepterer kva ein står ovanfor, og fokuserer på kva ein faktisk kan gjere, i staden for det ein eventuelt ikkje kan gjere. 
  • Innsjå at ting tek tid. Det nyttar ikkje å stresse med å verte frisk. (Been there, done that)
  • Tenk; det kunne vore verre! Og alt er heldigvis ein overgang.
  • Hugs på at livet er no; gjer det beste ut av det som er. Som Richard Bandler sa; det beste med fortida er at den er.. over. :D  Ifølgje Buddah er alt forgjengeleg, så heller ikkje jækelskap varer evig. 
  • Grin ein skvett ved behov, set på høg musikk og drikk ein liten cognac. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. 
  • Ver sosial. Det blir jo ikkje betre av å tenke tunge tankar om att. Orkar ikkje du å komme til verda, så får verda komme til deg.
  • Ta grep om siutasjonen: lær deg mest mogeleg om eigen tilstand.
  • Å gå seg ein tur kan gjere underverk; røyrsle frigjer endorfinar som er kroppen sine eigne lykkepiller.
  •  Om du har jævlige smerter, eller tunge tankar snik seg på:  Legg deg flatt på golvet, is ned der du har vondt, spenn av kroppen og skru av hjernen. Pust roleg inn og ut. Må du tenkje på noko, så tenk på ein situasjon der alt berre var bra og du eigde verda. Tenk intenst på dette, og gjenopplev situasjonen like bra som då du var der. (Høyres spaca ut, men det fungerer med litt trening).
  • Om du har jævlige smerter II: Assosier smertene med noko fint. Eg er mykje plaga med smerter i ein legg, der det føles som larvar et opp kjøtet under huda. Då er det mykje trivlegare å late att augene, og sjå føre seg ein fin, loden pusekatt som leikeklorar/bit ein i leggen.
  • Aldri, aldri gje opp! :D


Og tilslutt; ein fantastisk klassikar:









lørdag 16. juni 2012

Rein livsstil

I dokumentaren "Underkastelsen" som vart vist på Nrk tidlegare i vår, vert det peika på kor mange ulike kjemikalier som kan finne vegen inn i kroppen.  I dokumetaren måler regissør Stefan Jarn innhaldet av miljøgifter i blodet sitt og til ei gravid kvinne. Då kjem det fram mange av dei verste miljøgiftene som PCB, kvikksølv, bromerte flammehemmarar, bisfenol A og perfluorerte forbindingar har komme inn i kroppen deira.

Bruk av til dømes tekniske kle, tekstilar som er innsett med fargestoff og flammehemmarar, bruk av drikkeflasker i plast og plastembalasje til mat vert peika på som kjelder til giftstoffa. Også barneleikar, kosmetikk, såper og elektronikk er stygge syndebukkar som kjelder som kan smitte oss menneska med hormonforstyrrande stoff.
Konsekvensane kan verte at hormonsystemet til oss menneske vert skipla, og at sædkvaliteten til menn går ned. Også auka hyppigheit at testikkelkreft kan skuldast kjemikalier, læringsvanskar hjå barn likeeins.

Under etiketten livsstil vil eg skrive om korleis ein kan prøve å få ein reinare livsstil,der ein utset seg for minst mogeleg av miljøgiftene. Ein vil jo helst leve livet så lengje ein kan!

Her er forresten er det farlig?  Dette er ei super side som ein bruke til å finne ut meir om produkta ein brukar i kvardagen.