Kosthald Hypermobilitetssyndrom Hypothyreose Trening

Viser innlegg med etiketten Kosthald. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kosthald. Vis alle innlegg

tirsdag 27. november 2012

Immunforsvarets krumspring

Etter å ha gått på intravenøs antibiotika i halvannan månad, har eg vore igjennom mange runder med herxing (oppblomstring av symptom som følgje av at bakteriar dør) og nye framsteg. På eit tidspunkt fekk eg dessutan immunbrist, etter at eg fekk ein sjeldan biverknad av Plaquenil. Omlag alle av immunverdiane mine ramla under referanseområda, og eg blei dyrisk utkøyrd. Forenkla sagt vil dette seie at antibiotikaen har midlertidig teke knekken på immunforsvaret mitt saman med borreliabakteriane. Dette er ikkje farleg, så lengje legen held det under oppsyn og ein sjølv er varsam med å utsetje seg for smitte. Stikkorda er streng hygiene, munnbind på plassar der det er mykje folk som kan vere sjuke og å passe på å ikkje ta seg til andletet/augene med mindre ein har reine hender. Handsprit er også eit "må hå" i veska.


Krig i kroppen

Under behandlinga tek ein kontrollprøver som vert sende til Tyskland. Prøvesvara eg fekk for to veker sidan var ikkje heilt oppløftande; Både NK-cellene og CD57+ har sunke. Ideeltt sett skal desse verte høgare etterkvart som det vert mindre borrelia-aktivitet i kroppen. Forklaringa på den negative utviklinga fann legen i LTT-prøvene, som måler kor mykje borrelia-bakterier som er i blodet. På grunn av antibiotikaen og dietten har borreliaen som før gøymde seg i cyster i  nervesystemet, ledd og muskelvev no komme ut i blodet. Dette gjer at mengdene med borreliabakterier i blodet mitt no er mykje større no enn då eg starta. Dette skal ifølgje legane vere bra - sidan dette viser at behandlinga fungerer som den skal. Legen meinte at dette forklarer at eg framleis har symptom frå borreliaen; no er det krig i kroppen. Eg må innrømme at det er litt ekkelt å tenkje på at det framleis aular med borreliabakteriar i blodet. Dette er sanneleg ein gjenstridig og seigliva bakterie!

For å få bukt med immunbristen er Plaquenil-tablettane no skifta ut med Fasigyn, noko som (bank i bordet) fungerer bra. Etter dette bytet byrjar faktisk energien og kampvilja verkeleg å komme tilbake! For å få bukt med resten av symptoma mine (vandrande betennelsar, intens skallebank og facikulasjonar kring om i kroppen), har eg frå måndag av fått ein ny type antibiotika som er betre på å ta knekken på co-infeksjonar. (Flåtten har jo ofte fleire bakteriar i seg enn borrelia, men testane for å finne ut av dette er om mogeleg endå meir upålitelege enn borreliatestane).


Jubelen i taket

På heimebane har eg verkeleg lagt meg i selen for å hjelpe immunforsvaret på beina. Som Hippokrates sa;
“Let food be thy medicine and medicine be thy food”. I praksis vil det seie at hovuddelen av dietten min er rå grønsaker, bløytlagde frø og nøtter, fisk og kylling. Til middag passer eg også på at eg får ein del rå grønsaker ved sidan av dei grønsakene som er ovnssteikt/kokte. Så lenge det let seg gjere, vel eg alltid økologisk. Eg unngår ferdiglaga produkt i den grad det er mogeleg, og lagar det aller meste frå botnen av slik at eg unngår tilsetningsstoff og sprøyterestar.  Eit anna tiltak er å ete nøye utvalde sortar vitaminar og mineral etter retningslinene til Dr. Burrascano, samt ekstra jod mot det låge stoffskiftet. Det blir fort ein liten neve med tablettar per dag, noko som ikkje er heilt billeg sidan ein jo får det ein betaler for. Jubelen stod difor i taket då dei nye immunprøvene synte at alle verdiane no er tilbake til det normale referanseområdet, med unnatak av ein der eg berre manglar ein ørliten margin. Eg reknar igrunnen med at den verdien er på plass i skrivande stund, sidan eg føler meg mykje sterkare i kroppen.

Eg er grådig spent på korleis kroppen min toler den nye antibiotikaen Azithromyzin. Sidan det tek omlag tre timar å få denne medisinen i årene, kan det verte ei utfordring med tanke på at eg blir så utruleg kald og sliten når eg sit med nål i armen. Håpet er likevel at denne medisinen vil vere det som skal til for å få meg heilt frisk til jul. Eg er så utruleg mykje betre no enn kva eg var før eg byrja på behandlinga, så eg håper målet ikkje er så langt unna..! Innimellom herxing og "downperiodar" har eg faktisk dagar der eg føler meg nesten heilt frisk. Etter at eg byrja å få antibiotika intravenøst  har eg hatt fleire bra dagar enn kva eg har hatt i resten av året samla. Det seier ikkje lite.

Det kjennest dessutan ut som ein aldri så liten revolusjon når eg no er i stand til å trene realtivt hardt to gonger for veka. På måndag fann eg også ut at det let seg gjere å trene, ta badstu og deretter slappe av med tre timar intravenøst på klinikken - utan at ein endar opp med kollaps. :) Det er heilt fantastisk etter å ha hatt eit år der eg ikkje har klart å trene i det heile fordi eg har hatt så mange betennelsar. No kan eg både ha på meg treningstopp, ta planken (!), trene spinning og lett styrketrening utan å få betennelsar i brystmuskulatur og senene i armane. Det er ei himmelvid forskjell frå då eg hadde så mykje betennelsar at eg ikkje greidde å gå med bh, kle på meg eller bevege armane utan store smerter. Berre det å spasere ein tur var umogeleg på grunn av smertene. No kan eg ha dagar der eg vaknar opp og kjenner at kroppen er nesten heilt fri for smerter. Det her heilt ubeskriveleg herleg!

Difor er det så ufatteleg trasig og fortvilande å lese om allmennlegar som uttaler seg negativt i media mot langvarig antibiotikabehandling av borrelia. Det er tydeleg at dei ikkje har teke til seg dei siste tredve åra med forsking på området, og at dei ikkje aner kva dei pratar om: VI BLIR JO FRISKE OG FÅR LIVET TILBAKE!





tirsdag 11. september 2012

Renessanse for gammal middagsrett

Noko av det beste med sommaren og hausten, er alle dei gode grønsakene som berre ventar på å bli til velsmakande måltid. Dette er absolutt tida for å fråtse i grønsaker!

Sidan det er litt begrensa kva vi borrelia- og stoffskifte pasientar kan ete, har eg i den  siste tida eksperimentert ein del på kjøkkenet. No har eg modifisert ein  gammal slager, nemleg kålrullettar til å passe til dietten. Den har eg laga i to ulike variantar, med kyllingfyll og med torsk-og pestofyll. Sunt, kjapt og billeg. Hurra!

Det må også nemnast at sjølv om vi stoffskiftepasientar eigentleg ikkje skal ete kål, så går dessee rettane fint fordi kåla- og dermed goitrogenane er kokt og uskadeleggjorde.. ;)
 

Kålrullettar med torsk, purre og pesto. 


Denne retten oppstod som eit lite eksperiment på kjøkkenet. Så om du skal lage mat til fleire, må du nok gonge opp oppskrifta.  Dette gav omlag fem kålrullettar, og ei fiskekarbonade.

Eg brukte:

ca 125 gram torskefilet
1 egg
fem omganger med saltkverna (hehe)
1/8 tsk økologisk cayennepepper
2 store tsk med økologisk pesto
fire cm med økologisk purre

5 økologiske kålblad

1 liter vatn med 1 økologisk grønsaksbuljongterning




Skjær torskefileten og purren i små bitar. Ha desse saman med dei øvrige ingrediensane i kjøkkenmaskina eller som her; i stavmiskaren. Køyr til ei seig masse (det var omlag her eg kom fram til at kanskje eg skulle auke den eine teskeia med pesto til to, og det funka bra) ;




Ta kålblada forsiktig av kålhovudet, slik at det ikkje blir sprekkar i blada. Eit triks er å skjere av stilken i enden først, då kan du løysne kålbladet frå begge endar. Skyll godt.



Kok så opp vatnet med buljongterningen i ein stor kjele.

Ha i eitt kålblad i det kokande vatnet i slengen. Pølseklype eller spisepinnar er forresten fine reiskapar til å manøvrere glovarm kål.



Kok kålbladet i ca 1 minutt, eller til det blir "medgjerleg". Plukk opp kålbladet, og legg så ei spiseskei med farse på tuppen av kålbladet, og pakk dette godt inn i retning av stilken. (Ps: om stilken er uregjerleg, så går det an å skjere vekk litt av enden på bladet. Eg gjorde dette på nokre av dei største og stivaste blada.)



Legg så kålrulletten med skøyten ned, anten i ei form eller i ein kjele.



 Eg brukte ei form, og la alle rullane så tett saman som eg klarte. Deretter helte eg over den kokande buljongen, og intensjonen var å koke  kålrulettane i ovnen i ca ti-femten minutt. Men så har det seg slik at når fisk blir varma, så blir vatnet fort litt grumsete. Det var omlag då den svoltne kokken fekk lettare panikk, og etter ei  tirade som sikkert kunne ha påkalla både fanden og demonar, fiska kålrulettane opp  sporenstreks og la dei i panne med grønsaksbuljong. (Bergast det som bergast kan, osb!) 
Deretter blei dei kokt i fem minutt

Resultatet vart upåklageleg. Her har eg servert med friske grønsaker som tomat, papirka, selleri og agurk. 



Det litt skumle nederst til venstre i biletet, som liknar på ein frosk men som ikkje er det (!) er restane den ovnsbakt fiskekarbonada (laga av samme farsen som kålrulettane) dandert på rawfood-kjeks. Det får vi komme tilbake til seinare. ;)




Om ein er kjøthungrig, kan ein lage denne varianten:

 

 Kålrullettar med kylling:


1 pakke kyllingkjøtdeig,
1/2 økologisk raudlauk, ikkje av dei største
1 1/2 ts havsalt
1/4 ts kvit pepar, økologisk
1/4 ts malt ingefær, økologisk
1/4 ts malt muskat, økologisk
 1 økologisk egg

ca 12-16 blad spisskål eller hovudkål

1 liter vatn med ein terning økologisk kyllingbuljong.

Server med: økologisk ris (eg brukte tricolor, sidan denne har færre carbohydratar enn kvit ris)  og ostegratinert blomkål.
(Gjestar som kan ete karbohydratrik kost, vil kanskje setje pris på kokt potet, gulrot og tomatsaus til.)


Bland kyllingkjøtdeiga med krydder og egg til dette blir ein seig farse. Bruk gjerne kjøkkenmasking, det sparer hender og tid.

Kok så opp vatnet med buljongterningen.

Ha i eitt kålblad i det kokande vatnet i slengen. Kok det i ca 1 minutt, eller til dei blir så mjuke at du greier å rulle dei saman. Ta så ei spiseskei med farse på kålbladet, og pakk dette inn.

Legg så kålrulletten med skøyten ned, anten i ei form eller i ein kjele. Eg brukte ein kjele, og la alle rullane så tett saman som eg klarte. Deretter helte eg over det kokande buljongenvatnet som eg kokte kålen i, og kokte  kålrulettane i ca femten minutt.

Desse vart dessverre fortert før eg fekk tatt bilete av dei, men har du sett bileta over så skjønnar du teikninga.. :D






lørdag 8. september 2012

Du blir det du et

I det daglege tenkjer ein  kanskje ikkje over kor viktig maten ein et er for at ein skal fungere best mogeleg. Like fullt går det føre seg ein kontinuerleg prosess inne i deg med både fornying, reparasjonar og utskifting av celler i kroppen. Til dette treng kroppen atoma som er i maten vi et. Kroppen tek til dømes protein frå ein kylling, og bruker dette til å fylle opp dine proteinlager. Det er difor ikkje likegylding kva type mat du puttar i deg, for ulike matvarer har ulik ernæringsmessig kvalitet. I tillegg er det også viktig for helsa di korleis maten er dyrka.

For det speler ei rolle kva som har skjedd med maten før den hamnar i butikken. I hyllene kan kanskje ffrukta og grønsakene sjå friske og sunne ut, og det er lett å tru at dei faktisk er det. Men det ein ikkje ser, er sprøytemidlane som produsentane har dynka grønskene i for at dei skal stå imot insekt, parasittar, regn og halde seg lengje, og dermed gje større profitt.

Tilbake sit forbrukarar med undersøkingar som viser at anna kvar frukt/grønsak/korn innheld sprøytemiddel. (sjå HER) Eller at matvarene er meir næringsfattige enn kva dei var før, som følgje av måten dei er dyrka på. (Sjå HER) eller rett og slett ikkje inneheld det produsentane seier at maten skal innehalde:



 (Dersom du vil lese saka om matbløffen, får du det om du trykkjer HER: )



 Ein trygg veg til god helse

Sjølvsagt finst det unntak. Og det kjem under "økologiske matvarer". Mat som er økologisk dyrka og debio-godkjend, er nemleg frie for sprøytemiddel og skadelege stoff. Ved å kjøpe mat som er økologisk, og lage maten frå grunnen av, gjer du deg sjølv ei av dei største tenestene du kan gjere. På denne måten får du i deg alle dei stoffa kroppen din treng for å fungere optimalt, utan at du får i deg plantevernstoff og miljøgifter som kan skade helsa di, eller ungane du kanskje har tenkt å lage i framtida. Det er dessverre slik at ein del miljøgifter blir verande i kroppen når du først har fått dei i deg. Ein del av desse vert også overført til foster gjennom blodet og morkaka. (Dioksiner, PCB etc).
Eit anna argument for økologiske matvarer, er du ved å kjøpe desse også er med på å støtte opp om eit bærekraftig jordbruk, som sikrar at jordsmonnet ikkje vert utarma. (Les meir HER)

For å få ei god helse, meiner eg at det utan tvil beste er å kjøpe økologiske matvarer, både frukt og grønt, så vel som korn og mjøltypar. I tillegg er det viktig at ein lagar maten sjølv, og held seg unna ferdigprodukt. Berre på denne måten kan ein ha kontroll med kva ein faktisk får i seg. Eg trur også at dette er eit viktig steg for samfunnet om ein skal få bukt med den aukande fedmeepidemien som brer om seg i verda, og som middel i kampen for mot livsstilsjukdommar som diabetes og kreft.

 No tek også ein overlegen Berit Nordstrand bladet frå munnen, og åtvarer i Aftenbladet.no om at dagens inntak av halvfabrikert mat gjer oss både overernærte og underernærte samstundes:
 – Fordi det som oftest inneholder masse tilsetningsstoffer og har lite næringsinnhold i forhold til volum. Vi blir overfôret samtidig som at vi blir underernært. Ta krydderblandingen i Mr. Lee-nudler for eksempel. Den inneholder natriumglutamat, som man har påvist at dreper hjerneceller hos forsøksdyr. Halvfabrikata inneholder syntetiske fettsyrer i stedet for omega 3, transfett, palmeolje, raffinert stivelse og sukker, syntetiske vitaminer som kroppen ikke klarer å ta opp, lite antioksidanter og altfor mye salt, seir Nordstrand til Aftenposten, og ramser vidare opp kva effektar eit slikt kosthald kan ha for helsa:
– Astma, eksem, søvnforstyrrelser, uro, energiløshet, konsentrasjonsvansker, depresjon, angst og dårlig hukommelse. Hadde folk visst hva denne maten gjør med helsen deres, hadde de ikke spist den. Og hadde folk visst hvor viktig det er å ta to til fire spiseskjeer tran om dagen, så hadde de gjort det seier ho til .nettstaden


Aggresiv marknadsføring av junk

I dag er det nemleg slik at butikkane er fulle av varer som det er størst mogeleg profitt på. Dette er typisk brus- og juiceprodukt, snacks, fastfood og halvfabrikat. Når produsentane ønskjer at vi skal ete mest mogeleg av desse matvarene, er det ikkje fordi det er sunt for oss, men fordi dette er meir lønsamt for produsentane.

I USA , som fører an i utviklinga, vert det kvart femte år delt ut rundt 45 billionar dollar i støtteordningar til bønder som dyrkar mais, korn og soya. Dette gjer det billegare for bøndene å produsere desse varene enn om ein vel å produsere grønsaker; Ved sal av brus (som inneheld mykje cornsirup), er det ein profitt på 90 prosent, medan ein berre får 10 prosent profitt på produksjon av grønsaker.
Ei anna side av saka, er at det i 2010 vart brukt 12 billionar dollar for å reklamere for nettopp fastfood og brus m.m.  Av desse gjekk 4 billionar dollar til å reklamere for fastfood restaurantar. Då er det kanskje ikkje så rart at berre knappe 2 prosent av USA sitt jordbruksareal går med til å dyrke frukt og grønsaker.(Kjelde: Dokumentaren: Weight of the nation:challenges, sjå under)




For å sitere seniorrådgjevar David Wallinga  (MD, MPA) i forsknings, mat og helseinstituttet for jordbruk og handelspolitikk i USA:
"Landbrukspolitikken i USA stimulerer bøndene til overproduksjon av akkurat dei varene som folket et for mykje av og utviklar fedme av".
Resultatet i USA er ein omfattande fedmepidemi, der rundt 68,8 prosent av vaksne amerikanarar lir av overvekt eller fedme. Dessverre står det ikkje stort betre til for borna i USA; også der er så mange overvektige/fedme, at dette er den første generasjonen i moderne tid som er spådd kortare levealder enn foreldra sine fom følgje av risikoen for livsstilsjukdommar som følgjer med overvekta/fedmen. (Kjelde; Weight of the nation, children in crisis).

Verstingen Monsanto

Om du likevel er i tvil om kor viktig det er å velje økologiske, anbefaler eg å sjå dokumentaren som eg har lagt inn under, The world according Monsanto. Den absolutt verd å sjå. Denne dokumentaren handlar om Monsanto, selskapet som lagar verdas mest selde ugrasmiddel, Roundup.



Trass i at selskapet sjølv i ei årrekkje har hevda at dette middelet er ufarleg og bionedbrytbart, kan ein i denne filmen sjå korleis Roundup faktisk skadar jorda, og også kan medføre helseskade for dei som et mat som er spreia med dette eller på andre måtar kjem i kontakt med stoffet.
Professer Robert Belli ved det franske nasjonalsenteret for vitenskapleg forsking (CNRS) kan fortelje at Roundop øydelegg mekanismen som kontrollerer celledeling, og middelet framprovoserer første steget (ustabil celledeling), noko som kan leie til kreft. Dosane som vart testa, var langt under det vanlege folk bruker.
Eit tankevekkande faktum frå filmen er at etter du har spreiia eit område med Roundup, så er berre 2 prosent av stoffet vekke etter 28 dagar. Noko å tenkje på før du vurderer å ete mat som er sprøytt med dette, eller før du let ungar og dyr leike i hagen. Dette er også grunnen til at franske styresmakter tvinga Roundup til å endre marknadsføringa av produktet som bionedbrytbart.


Genmodifiserte soyabønner og mais

Det er ikkje berre som kjemikalieprodusent Monsanto er kjend. Dette selskapet står også bak Monsanto Roundop Ready Soy Beans, ein genmonifisert organisme (GMO) som har fått eit motstandsdyktig gen mot Roundup modifisert inn i DNA-et sitt. Formålet med dette er at bøndene kan sprøyte store mengder Roundup på åkrane slik at berre ugraset døyr og ikkje soyabønnene. Sidan vert desse bønnene nytta som menneskemat og som dyrefor, og er ein av grunnane til at fastfood-mat er så billeg i USA.

 I filmen kan du også sjå forskarar sin skepsis til Monsanto sine Roundup ready soybeans, og den skjetne kampen Monsanto fører for å kneble kritiske forskarar gjennom personforfølging og svertekampanjar. Ein annan ting er at ein får kjennskap ved nokre av skuggesidene  dette selskapet, som har æra av å vere svartelista av vårt eige oljefond. Monsanto tek  nemleg patent på frø, og fører søksmål mot bønder som tek vare på frø, eller som har fått ulisensierte plantevekstrar i åkrane sine. India opplever til dømes ei bølgje av auka gjeld og sjølvmord blant bønder som har byrja å kjøpe frø av Monsanto.Og landa i Latin-Amerika som vert rekna som verdas lager for ulike naturlege maissortar opplever at Monsanto fører ein skjeten kamp for å få spreidd den genmodifiserte maisen sin i desse landa.

 

Du et genmodifisert mat - utan å vite det

I USA, Canada, Brasil, Argentina og Kina har dyrkinga av genmodifiserte plantar som soya, mais og bommull i stor grad overtatt for dei naturlegeartane. Sjølv om det i utgangspunktet er forbode med GMO i Europa, vert det stadig opna for dyrking og import av fleire artar. I Norge er dei to offisielle utredningsinstitusjonane for GMO usamde i om GMO er sunne og bærekraftige produkt.GenØk (senter for biosikkerhet) åtdarer mot GMO medan enkelte i Mattilsyneter positive til GMO.
Til no har ingen reine GMO-produkt blitt godkjende i Noreg, men det er verd å merke seg at det har blitt vanleg med genmodifiserte innhaldsstoff i norske matvarer. Årsaka til dette er at om ein held seg under grensa på 0.9 prosent genmodifisert innhald, så slepp ein unna å merke produktet som genmodifisert. I den samanheng lyt ein sjå med eit kritisk blikk på at 60% av all soya i verda har fått endra arvestoffet sitt ved hjelp av genteknologi. Soya vert seld som matolje, mjølk og mjøl, og som erstatning for kjøt. Nær 70% av all ferdiglaga mat inneholder difor ein  eller anna soyabasert ingrediens, og havnar slik på kjøkkenbordet ditt utan at du får vite om det. (Kjelde: Wikipedia)

Forskarane er i dag usamde om både kva verknadane er for oss menneske og dyr om vi et genmodifisert mat, og kva følgjer genmodifiserte plantar har å på jordsmonn, artsrikdom og bærekraftig utvikling. Eg meiner at vi som forbrukarar har ei plikt til å seie klårt og tydeleg ifrå om at vi ikkje ønskjer genmodifiserte matvarer, når det ikkje er slege fast med 110 prosent sikkerheit at desse ikkje skader menneske, dyr eller miljø. Det tryggaste då er å kjøpe økologisk mat med Debiomerket; Då er du trygg på at du ikkje får i deg verken plantevernstoff, eller genmodifisert mat. Den makta vi som forbrukarar har når vi kvar dag "stemmer over matvarer i butikken", er sterk og må ikkje undervurderast. Om vi som forbrukarar ikkje kjøper varene, vil dei heller ikkje overleve i butikkhyllene.

Så er spørsmålet; kva skal DU ete i morgon?



Her er også ved ein link til ein annan dokumentar som viser kor viktig eit reint kosthald er for helsa:

FOOD MATTERS


SEEDS OF FREEDOM:  harts the story of seed from its roots at the heart of traditional, diversity rich farming systems across the world, to being transformed into a powerful commodity, used to monopolise the global food system.



onsdag 1. august 2012

Ein rå kick-start

Endeleg er kjøleskapet fullt av friske, sunne og reine økologiske frukter og grønsaker! I dag var eg nemleg til Florø for å hente ny forsyning av økologisk frukt og grønt hjå Frisk Flora. To store kasser med grøntfor som er fulle av vitaminar og mineraler gjer det mykje lettare å setje i gang med kosthaldsendringa som eg håper vil gje kroppen og antibiotikakurane solid hjelp i kampen mot borrelia-bakteriane. Ikkje rart at eg vart så hoppande glad at eg måtte tjuvkike på innhaldet alt før eg kom inn på kjøkkenet:



Stikkordet er rått. Jepp, no skal raw food testast grundig ut. Kort sagt går dette ut på at ein lagar mat ved å ete den rå, eller ved å ikkje utsetje maten for meir varme enn ca 40 grader.  På denne måten vil dei fleste næringstoffa forbli i maten, utan å verte øydelagde av varmen. I tillegg bruker eg å bløytleggje nøtter og frø, slik at kroppen lettare skal kunne ta opp næringsstoffa.



I byrjinga er målet å komme opp i 50 prosent rå mat. Sidan eg går på ein relativt heftig antibiotikakur som ikkje er heilt snill mot magen, blir eg nøydd til å ete noko brødmat når eg tek medisiane mine. For tida utforsker eg også fermentering, særleg innan baking av brød, pannekaker og grønsaker. Dette er ein skikkeleg boost for både immunforsvar og fordøyelse. (Blir fleire innlegg om dette etterkvart!)

Sidan borrelia-bakteriane har ein lei tendens til å gå utover immunforsvaret, har eg også starta å ta ein del ekstra kosthaldstilskot i tillegg. Både spirulina, Udos Choice og Udos Optigreen vert tatt til anten middag eller lunsj, saman med ein neve utvalde vitaminar. Så no er planen pallplassering i "NM i Frisk i rekordfart". :D

onsdag 18. juli 2012

Noko å setje tenna i

Sidan stoffskifteeksperten sa at det var lurt å eksponere seg for litt gluten for å unngå å gå frå gluten sensitiv, til gluten allergisk, har eg teke ho på ordet. Oppskrifta under fekk eg frå ei venninne. Resultatet vart overraskande bra. Dessutan er brødet enkelt å lage med berre økologiske råvarer, nesten uansett kvar ein er. ;)


Saftig lågkarbobrød


4  egg
1 ts  bakepulver
1/2 boks creme fraiche
3 ss olivenolje
60 gram  kruskakli
70 gram  linfrø
50 gram  sesamfrø
50 gram solsikkekjerner
Litt brødkrydder, til dømes frå Høgt og Vilt




Først blandar du det våte i ein bolle. Altså egg, olje og Creme fraice.




Deretter har du i urter etter smak. Eg valde brødkrydder frå Høgt og Vilt, sidan dei lagar gode økologiske krydderblandingar.




Så veg du opp dei tørre ingrediensane. Som de ser på vekta, har eg ikkje klart å halde meg heilt til oppskrifta og ein liten neve med graskarkjerner har også funne vegen i bollen.





Rør saman. (Omlag på dette tidspunktet var eg litt skeptisk for korleis det ferdige resultatet ville bli.)


Hell røra over i ei smurt form.




Og steik brødet på 180 grader, nederst i ovnen i omlag 50-55 minutt. Avkjøl på rist.




Her skulle det også vere eit ekstra bilete av det ferdige resultatet, men eg må innrømme at brødet rett og slett vart oppete før eg fekk sukk for meg. Skal hive inn eit bilete seinare i kveld. ;)

fredag 13. juli 2012

Kvar finn ein tak i godsakene?

Dette er plassane eg pleier å oppsøkje når kjøkkenet skal fyllast av godsaker:
(Blir oppdatert etterkvart). :D


Reindyrka i Bergen:  Favorittbutikk nummer 1! Eit eldodrado når det gjeld økologiske råvarer! Har det aller meste ein kan ønske seg, også ferske grønsaker og frukt. I tillegg har dei miljøvenleg kosmetikk, reinhaldsartiklar, hygieneprodukt og det ein elles måtte trenge. Her er heimesida til butikken.

Sunkost-butikkar: Der finn du kakaosmør, kakaonibs, Cocosa, ekte vanilje, økologisk bakepulver, økologisk mjøl, linser og gryn etc. Her er også ein del økologisk tørka frukt, for å nemne noko. (Så har dei også kosttilskot, økologisk sjokolade og glutenfritt lågkarbobrød).


www.iherb.com : Her kan du bestille det aller meste, frå krydder til supermat. :)

Astiatiske/innvandrarforretningar har ofte også eit godt utval av økologiske varer og helsekost.

I Førde handlar eg også mykje på Asiatisk mat i sentrum sør. Dei har mykje økologisk mjøl, gryn, linser, pålegg,frø etc. Der er det god service, og ofte mogeleg å gjere små røvarkjøp på varer til halv pris. (Du kan også ringe å be dei legge av varer, så er det klart til du kjem i butikken).




Økologisk frukt og grønt i Sogn og Fjordane:

Å handle økologisk frukt og grønsaker er ikkje enkelt, og krev ein del planlegging og springing frå butikk til butikk. Mi erfaring er at det er best utval i Førde, men at det også her er lite å velje i.

Økologiske grønsaker i Førde:
- Coop Extra har ein del økologiske grønsaker, urter og noko frukt, samt Coop Mega. Det er likevel tilfeldig kva dei har. Der finn du også økologisk mjølk, egg, oliven etc. Dei har også ein del frø og gryn som er økologiske, samt alternativ til laktosedrikkar. Desse er ofte av merket Änglamark. Uansett; sjå etter Debio-merket, det skal stå på varene i tillegg

Skal ein ha mykje forskjellig frukt og grønt, og ein likevel skal ha seg ein tur til Florø, kan det nok lønne seg å ringe Frisk Flora eit par dagar i førevegen på nr 941 79 436. Dei leverer økologisk frukt og grønt i Florø, men det går også an for oss andre å hente varene i Florø eller i Eikefjorden. (Eg skal dit på onsdag, om det er fleire som vil prøve).
FriskFlora håper å starte levering av økologiske grønsaker rett heim på døra til kundar i Førde når det vert mange nok kundar. Trykk her, og sjå kva pakkar du kan kjøpe.






onsdag 4. juli 2012

Vannkefir = Elsk!

Så tok eg omsider steget, og sette i gang med å lage vannkefir, denne sagnomsuste helsebringande styrkedrikken som etter sigande dankar ut brus. Det høyres jo unekteleg litt skummelt ut, med vannkefirkorn som lever på botnen av eit norgesglas, og nærer seg på sukker, vatn, tørka frukt og ein dash sitron.

Fordelane med vannkefir er heldigsvis så mange at frykta for det ukjende lett let seg overvinne. Kven kan vel motstå ein frisk og sprudlande leskedrikk, som attpå til er sunn og stappfull av probiotika? For vannkefir er ein heilt genial hjelpar på vegen til ei betre helse, sidan eit regelmessig innatak kan hjelpe immunforsvaret. Med på kjøpet får ein også mange gode bakteriar, samt vitaminar, enzym og mineral. Bra for magen, og bra for deg om du drikk den før eller etter maten.

Dessutan er det litt ekstra stas at det "poffar" når du opnar glasflaska, og kan helle den sprudlande drikken i  glaset utan noko slag dårleg samvit. Og best av alt? Det er kjempegodt, og etter mi meining langt betre enn brus!  :D



Korleis lagar ein så vannkefir?


Etter å ha laga nokre liter med ulik smak, er dette min førebelse favoritt:

1 liter med kaldt vatn (ca 22grader)
4 ss økologisk rårørsukker
3 tørka økologiske aprikosar (eller ein neve rosiner, eller anna tørka frukt)
3/4 dl kefirkorn
Ei tjukk skive sitron, helst økologisk


Steg 1:
 Først blander ein vatnet med sukker, og rører om til alt er oppløyst. Pass på at vatnet held ca 22 grader. Deretter har ein i kefirkorn, tørka frukt og sitronskiva.
Ha på lokket til norgesglaset, og lat kefiren kose seg på kjøkkenbenken i 24-48 timar. (Du kan også ha eit klede over, slik at kefirkorna får litt ekstra luft. Berre hugs på å dekke til; fluger skjønner også kva som er godt).

Så kjem personleg preferanse inn: liker du bobler og litt syrleg smak, let du kefirkorna ete opp alt sukkeret, noko som tek ca 48 timar. Liker du mindre søtt og mindre boblete, stoppar du prosessen etter omlag 24 timar.





Steg 2:

Sil safta over i eit nytt Norgesglas. Bruk ein tøysil eller ein plastsil, sidan vannkefirkorn ikkje er så glade i stål. Deretter skyller du vannkefirkorna i kaldt vatn (ca 22 grader). Desse er no klare til å lage ei ny dose med velsmakande vannkefir. :D
 




Om du vil ha litt meir smak og farge på vannkefiren, kan du no putte oppi eit par ferske frukter (til dømes jordbær eller bringebær), før du set vannkefiren i kjøleskåpet. (Dette gjev ein seinare restgjæring enn om den står på kjønnkebenken)  Om du let den stå ein dag eller to til, vert den ekstra sprudlande og fargerik før du har den på flaske. 



Ein kan også tilsetje fruktjuice (t.d appelsin, annanas) i den ferdige vannkefiren for å få anna smak og farge på dropane.


Sjølv må eg tilstå at eg var litt skeptisk i byrjinga; kunne verkeleg vidunderdrikken vere alkoholfri?






Heldigvis! Det er ikkje meir alkhol i vannkefir enn kva det er i vanleg kefirmjølk. Trygt å drikke både for born, gravide og personar på antibiotikakurar. (Som den skeptikaren eg er, har eg testa med to ulike alkometer som på biletet, samt elektronisk alkometer. Dessutan sa Mattilsynet i Førde til meg at ein trygt kan drikke dette utan å vere redd for at det skal vere alkhol i vannkefir.)
 

Ps. Om du synest at den ferdige drikken er litt for lite søt, er det berre å tilsetje litt stevia.






lørdag 30. juni 2012

Litt grøn på det?

Om ein er oppteken av sunn og kortreist mat, må alfaalfaspirer vere tingen! Alfaalfaspirer er igrunnen spirane til alfaalfabønner, og har ein fin nøtteaktig smak som verkeleg gjer susen i salatar eller som garnityr på smårettar. I tillegg innheld dei ein del protein, fiber og omega 3 og omega 6. (men du må nok ete ganske mykje av dei om du skal få stort næringsutbytte)

Trass i at om ein er "litt grøn på" plantar og blomstrar, så vil ein garantert få til å dyrke desse spirane. Du treng heller ikkje kjøpe dyr spirekasse eller anna fancy utstyr for å lykkast med dette.
Først legg du ca to spiseskeier med spirer i eit glas med vatn, og let dette stå ca åtte timar.



Medan spirane godgjer seg, kan du lage eit spirestativ til under femti kroner, med minimal innsats. Så enkelt kan du gjere det: Ta turen innom ein butikk som sel byggartiklar, og kjøp den mest finmaska nettingen dei har. Deretter klypper du ut to små rundingar av nettingen, slik at dei passar inni eit norgesglas.

Ha så spirane inni norgesglaset, dusj lett med vatn og set dette i eit vinstativ eller liknande. (Desse får du kjøpt billeg på bruktbutikkar.) Poenget er at overflødig vatn kan renne ut, slik at ein unngår stygg lukt i glaset.


Sidan er det berre å dusje spirane ca to gonger om dagen fram til dei er store nok til å etast. Enjoy! :D

onsdag 20. juni 2012

Medisinmat

Kva bør ein eigentleg putte i seg når ein har hypothyreose? Det var noko av det første eg spurte meg sjølv om då eg fekk diagnosen. Eg har jo merka at eg reagerer på mange forskjellige råvarer, utan heilt å forstå kvifor. Etter å ha lest på ulike stoffskifteforum og helsesider, kjem eg til å gå for dette:

Mat ein vert/kan verte sjuk av:

 

  •  
  • Grønsaker: Brokkoli, blomkål, spinat, rosenkål, kålrot, kål (alt i kålfamilien), turnips, sennep, reddiker, neper, søtpoteter (alt dette bør ein unngå heilt i rå tilstand, men vi tåler det bedre kokt)
  •  Soya, soyaolje, tofu (nokre meiner at dette kan gjere deg syk i fleire veker ...)
  • Jod (f.eks salt med jod. Vi trenger litt jod,men forsiktig.
  • Nøtter: Valnøtter, mandlar, peanøtter, pinjekjerner (rå, bør kokast. Om du bløytlegg dei og steiker det, kan du nok også ete dette)
  • Karbohydratar bør vi vere forsiktige med. Dette fordi det gjev eit svingande blodsukker.
  • Mindre fiber
  • Frukt og bær: rå jordbær, pærer, fersken, kassava
  • Hirse, bambusskudd (rå. Eg trur det skal gå greitt om ein et litt, særleg dersom den er kokt/steikt)
  • Sukker (Sjølvsagt fordi dette gjev auka insulinnivå)
  • Aspartam - finn du til dømes i sukkerfritt godteri og  brus
  • Rapsolje
  • Gluten -eg kjem tilbake til dette i tråden seinare. (Styr unna korn, mjøl etc som ikkje er glutenfritt). Skjuler seg dessutan i mange ferdigsausar, buljongar, gryterettar etc.)
  • Sitronmelisse
For min del trur eg at eg toler spinat når den er pressa til juice. Det har eg ikkje noko forklaring på.

Mat som ein bør ete:

 

  • Antioksidantar (t.d. blåbær, kaffe, te, raudvin, mørk sjokolade)
  • Omega 3 (mindre omega 6 og meir omega 3)
  • Cocosa
  • Extra virgin olivenoje 
  • Biola (melkesyrebakterier)
  • Fedon-maten vert tilrådd
  • Lågkarbomat (gjev eit stabilt blodsukker)


Pass på tennene!


Eg har også lest at ein bør unngå fluor og klor. På denne sida kan ein lese om kva som skjer om ein får i seg mykje fluor. Slik kan altså tennene bli:


Dersom du har skade på tennene dine, og tannlegen seier at du ikkje må "pusse så hardt, så kan fluoren vere årsaka!" Kast flourtannkremen og fluortabletten, og bruk i staden desse:




Weleda (t.h) er saltbasert, skummar godt og smaker såpass at du spyttar godt ut att restane. Den trur eg ikkje passar så godt til små born. Den til venstre (min favoritt blant alle tannkremar til no) smaker kanel, og kjem også i fleire andre smakar. Eg har høyrt at utgåva med banansmak passar godt for born.

Når ein har hyppthyreose, tørkar slimhinnene ut. I tillegg til at ein får tørre auge, hud og flisete negler, vert ein gjerne tørr i munnen fordi ein ikkje lenger produserer nok "slev". Derfor er det viktig å drikke/skylle munnen ofte. 

 

Blodprøver ofte!


Ifølgje fastlegen min bør eg ta Levaxin ein halv til ein time før eg et frukost på morgonen.
Både jern- og kalsiumtilskudd fører til dårligare opptak av stoffskiftehormon, samstundes som menneske med lågt stoffskifte som regel har større behov for jern, D-vitamin og B12. Vi treng også tilskot av selen.. Ellesk kan grapefrukt og kokosolje forsterke effekten av medisinen (Levaxin).

Behovet for Levaxin fell hvis blodsukkeret synker. Difor må ein ta blodprøver ofte om ein legg om kosthaldet. Det er viktig å blodsukkeret på eit jamnt nivå. (Dette kan vere vanskeleg, sidan det er lett å ty til slikt som rosiner, fiken og  aprikos (sjokolade for enkelte), fordi ein i utgangspunktet manglar energi og kjenner seg trøytt når ein har lågt stoffskifte.)


Les meir? Kjelder:
Kilder:
http://www.sonjas-stoffskifteforum.info/
http://www.stoffskifte.info/
http://no.wikipedia.org/wiki/Lavt_stoffskifte