tirsdag 27. november 2012

Immunforsvarets krumspring

Etter å ha gått på intravenøs antibiotika i halvannan månad, har eg vore igjennom mange runder med herxing (oppblomstring av symptom som følgje av at bakteriar dør) og nye framsteg. På eit tidspunkt fekk eg dessutan immunbrist, etter at eg fekk ein sjeldan biverknad av Plaquenil. Omlag alle av immunverdiane mine ramla under referanseområda, og eg blei dyrisk utkøyrd. Forenkla sagt vil dette seie at antibiotikaen har midlertidig teke knekken på immunforsvaret mitt saman med borreliabakteriane. Dette er ikkje farleg, så lengje legen held det under oppsyn og ein sjølv er varsam med å utsetje seg for smitte. Stikkorda er streng hygiene, munnbind på plassar der det er mykje folk som kan vere sjuke og å passe på å ikkje ta seg til andletet/augene med mindre ein har reine hender. Handsprit er også eit "må hå" i veska.


Krig i kroppen

Under behandlinga tek ein kontrollprøver som vert sende til Tyskland. Prøvesvara eg fekk for to veker sidan var ikkje heilt oppløftande; Både NK-cellene og CD57+ har sunke. Ideeltt sett skal desse verte høgare etterkvart som det vert mindre borrelia-aktivitet i kroppen. Forklaringa på den negative utviklinga fann legen i LTT-prøvene, som måler kor mykje borrelia-bakterier som er i blodet. På grunn av antibiotikaen og dietten har borreliaen som før gøymde seg i cyster i  nervesystemet, ledd og muskelvev no komme ut i blodet. Dette gjer at mengdene med borreliabakterier i blodet mitt no er mykje større no enn då eg starta. Dette skal ifølgje legane vere bra - sidan dette viser at behandlinga fungerer som den skal. Legen meinte at dette forklarer at eg framleis har symptom frå borreliaen; no er det krig i kroppen. Eg må innrømme at det er litt ekkelt å tenkje på at det framleis aular med borreliabakteriar i blodet. Dette er sanneleg ein gjenstridig og seigliva bakterie!

For å få bukt med immunbristen er Plaquenil-tablettane no skifta ut med Fasigyn, noko som (bank i bordet) fungerer bra. Etter dette bytet byrjar faktisk energien og kampvilja verkeleg å komme tilbake! For å få bukt med resten av symptoma mine (vandrande betennelsar, intens skallebank og facikulasjonar kring om i kroppen), har eg frå måndag av fått ein ny type antibiotika som er betre på å ta knekken på co-infeksjonar. (Flåtten har jo ofte fleire bakteriar i seg enn borrelia, men testane for å finne ut av dette er om mogeleg endå meir upålitelege enn borreliatestane).


Jubelen i taket

På heimebane har eg verkeleg lagt meg i selen for å hjelpe immunforsvaret på beina. Som Hippokrates sa;
“Let food be thy medicine and medicine be thy food”. I praksis vil det seie at hovuddelen av dietten min er rå grønsaker, bløytlagde frø og nøtter, fisk og kylling. Til middag passer eg også på at eg får ein del rå grønsaker ved sidan av dei grønsakene som er ovnssteikt/kokte. Så lenge det let seg gjere, vel eg alltid økologisk. Eg unngår ferdiglaga produkt i den grad det er mogeleg, og lagar det aller meste frå botnen av slik at eg unngår tilsetningsstoff og sprøyterestar.  Eit anna tiltak er å ete nøye utvalde sortar vitaminar og mineral etter retningslinene til Dr. Burrascano, samt ekstra jod mot det låge stoffskiftet. Det blir fort ein liten neve med tablettar per dag, noko som ikkje er heilt billeg sidan ein jo får det ein betaler for. Jubelen stod difor i taket då dei nye immunprøvene synte at alle verdiane no er tilbake til det normale referanseområdet, med unnatak av ein der eg berre manglar ein ørliten margin. Eg reknar igrunnen med at den verdien er på plass i skrivande stund, sidan eg føler meg mykje sterkare i kroppen.

Eg er grådig spent på korleis kroppen min toler den nye antibiotikaen Azithromyzin. Sidan det tek omlag tre timar å få denne medisinen i årene, kan det verte ei utfordring med tanke på at eg blir så utruleg kald og sliten når eg sit med nål i armen. Håpet er likevel at denne medisinen vil vere det som skal til for å få meg heilt frisk til jul. Eg er så utruleg mykje betre no enn kva eg var før eg byrja på behandlinga, så eg håper målet ikkje er så langt unna..! Innimellom herxing og "downperiodar" har eg faktisk dagar der eg føler meg nesten heilt frisk. Etter at eg byrja å få antibiotika intravenøst  har eg hatt fleire bra dagar enn kva eg har hatt i resten av året samla. Det seier ikkje lite.

Det kjennest dessutan ut som ein aldri så liten revolusjon når eg no er i stand til å trene realtivt hardt to gonger for veka. På måndag fann eg også ut at det let seg gjere å trene, ta badstu og deretter slappe av med tre timar intravenøst på klinikken - utan at ein endar opp med kollaps. :) Det er heilt fantastisk etter å ha hatt eit år der eg ikkje har klart å trene i det heile fordi eg har hatt så mange betennelsar. No kan eg både ha på meg treningstopp, ta planken (!), trene spinning og lett styrketrening utan å få betennelsar i brystmuskulatur og senene i armane. Det er ei himmelvid forskjell frå då eg hadde så mykje betennelsar at eg ikkje greidde å gå med bh, kle på meg eller bevege armane utan store smerter. Berre det å spasere ein tur var umogeleg på grunn av smertene. No kan eg ha dagar der eg vaknar opp og kjenner at kroppen er nesten heilt fri for smerter. Det her heilt ubeskriveleg herleg!

Difor er det så ufatteleg trasig og fortvilande å lese om allmennlegar som uttaler seg negativt i media mot langvarig antibiotikabehandling av borrelia. Det er tydeleg at dei ikkje har teke til seg dei siste tredve åra med forsking på området, og at dei ikkje aner kva dei pratar om: VI BLIR JO FRISKE OG FÅR LIVET TILBAKE!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar