tirsdag 11. september 2012

Renessanse for gammal middagsrett

Noko av det beste med sommaren og hausten, er alle dei gode grønsakene som berre ventar på å bli til velsmakande måltid. Dette er absolutt tida for å fråtse i grønsaker!

Sidan det er litt begrensa kva vi borrelia- og stoffskifte pasientar kan ete, har eg i den  siste tida eksperimentert ein del på kjøkkenet. No har eg modifisert ein  gammal slager, nemleg kålrullettar til å passe til dietten. Den har eg laga i to ulike variantar, med kyllingfyll og med torsk-og pestofyll. Sunt, kjapt og billeg. Hurra!

Det må også nemnast at sjølv om vi stoffskiftepasientar eigentleg ikkje skal ete kål, så går dessee rettane fint fordi kåla- og dermed goitrogenane er kokt og uskadeleggjorde.. ;)
 

Kålrullettar med torsk, purre og pesto. 


Denne retten oppstod som eit lite eksperiment på kjøkkenet. Så om du skal lage mat til fleire, må du nok gonge opp oppskrifta.  Dette gav omlag fem kålrullettar, og ei fiskekarbonade.

Eg brukte:

ca 125 gram torskefilet
1 egg
fem omganger med saltkverna (hehe)
1/8 tsk økologisk cayennepepper
2 store tsk med økologisk pesto
fire cm med økologisk purre

5 økologiske kålblad

1 liter vatn med 1 økologisk grønsaksbuljongterning




Skjær torskefileten og purren i små bitar. Ha desse saman med dei øvrige ingrediensane i kjøkkenmaskina eller som her; i stavmiskaren. Køyr til ei seig masse (det var omlag her eg kom fram til at kanskje eg skulle auke den eine teskeia med pesto til to, og det funka bra) ;




Ta kålblada forsiktig av kålhovudet, slik at det ikkje blir sprekkar i blada. Eit triks er å skjere av stilken i enden først, då kan du løysne kålbladet frå begge endar. Skyll godt.



Kok så opp vatnet med buljongterningen i ein stor kjele.

Ha i eitt kålblad i det kokande vatnet i slengen. Pølseklype eller spisepinnar er forresten fine reiskapar til å manøvrere glovarm kål.



Kok kålbladet i ca 1 minutt, eller til det blir "medgjerleg". Plukk opp kålbladet, og legg så ei spiseskei med farse på tuppen av kålbladet, og pakk dette godt inn i retning av stilken. (Ps: om stilken er uregjerleg, så går det an å skjere vekk litt av enden på bladet. Eg gjorde dette på nokre av dei største og stivaste blada.)



Legg så kålrulletten med skøyten ned, anten i ei form eller i ein kjele.



 Eg brukte ei form, og la alle rullane så tett saman som eg klarte. Deretter helte eg over den kokande buljongen, og intensjonen var å koke  kålrulettane i ovnen i ca ti-femten minutt. Men så har det seg slik at når fisk blir varma, så blir vatnet fort litt grumsete. Det var omlag då den svoltne kokken fekk lettare panikk, og etter ei  tirade som sikkert kunne ha påkalla både fanden og demonar, fiska kålrulettane opp  sporenstreks og la dei i panne med grønsaksbuljong. (Bergast det som bergast kan, osb!) 
Deretter blei dei kokt i fem minutt

Resultatet vart upåklageleg. Her har eg servert med friske grønsaker som tomat, papirka, selleri og agurk. 



Det litt skumle nederst til venstre i biletet, som liknar på ein frosk men som ikkje er det (!) er restane den ovnsbakt fiskekarbonada (laga av samme farsen som kålrulettane) dandert på rawfood-kjeks. Det får vi komme tilbake til seinare. ;)




Om ein er kjøthungrig, kan ein lage denne varianten:

 

 Kålrullettar med kylling:


1 pakke kyllingkjøtdeig,
1/2 økologisk raudlauk, ikkje av dei største
1 1/2 ts havsalt
1/4 ts kvit pepar, økologisk
1/4 ts malt ingefær, økologisk
1/4 ts malt muskat, økologisk
 1 økologisk egg

ca 12-16 blad spisskål eller hovudkål

1 liter vatn med ein terning økologisk kyllingbuljong.

Server med: økologisk ris (eg brukte tricolor, sidan denne har færre carbohydratar enn kvit ris)  og ostegratinert blomkål.
(Gjestar som kan ete karbohydratrik kost, vil kanskje setje pris på kokt potet, gulrot og tomatsaus til.)


Bland kyllingkjøtdeiga med krydder og egg til dette blir ein seig farse. Bruk gjerne kjøkkenmasking, det sparer hender og tid.

Kok så opp vatnet med buljongterningen.

Ha i eitt kålblad i det kokande vatnet i slengen. Kok det i ca 1 minutt, eller til dei blir så mjuke at du greier å rulle dei saman. Ta så ei spiseskei med farse på kålbladet, og pakk dette inn.

Legg så kålrulletten med skøyten ned, anten i ei form eller i ein kjele. Eg brukte ein kjele, og la alle rullane så tett saman som eg klarte. Deretter helte eg over det kokande buljongenvatnet som eg kokte kålen i, og kokte  kålrulettane i ca femten minutt.

Desse vart dessverre fortert før eg fekk tatt bilete av dei, men har du sett bileta over så skjønnar du teikninga.. :D






2 kommentarer:

  1. Denne oppskrifta skal eg prøve! Har faktisk aldri laga kålrullettar før.. Du er flink å gjere om på kostholdet ditt, Sissel :)

    SvarSlett
  2. Har du laga dei no, Siv Anita? :) I fall du ikkje har laga enno; Kom til å tenkje på at om du skal lage fiskevarianten, så treng du sikkert ikkje meir enn eitt egg per 400 gram. (Det heldt i alle fall med eitt egg til 400 gram kylling)

    SvarSlett