torsdag 6. september 2012

Dårleg journalistisk handverk, FBI

I går sende NRK eit innslag i programmet FBI om borreliabehandling i Noreg, nærare bestemt ved Norsk borreliose senter (NBS). Sjølv er eg pasient ved dette senteret, og eg er absolutt IKKJE imponert over den journalistiske kvaliteten på innslaget som eg meiner heldt eit skremmande lågt nivå.
 Innslaget hadde fleire alvorlege manglar, som eg meiner også bryt med pressa sitt eige regelverk, nemleg Ver varsam-plakakten:

3.2  Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som blir gitt er korrekte.

For det første er vinklinga på innslaget så spissa og foreinkla, at det som kjem fram i høve testane som vert tekne ved Norsk borreliose senter rett og slett er feilaktig, og kan skade legen så vel som klinikken sitt faglege renome. I innslaget får sjåarane inntrykk av at NBS berre testar borrelia gjennom testane CD57+ og LTT. Dette er ikkje riktig; i tillegg vert vi også testa med Western blot. Det er heller ikkje testane åleine som avgjer om du får diagnosen kronisk borreliose; det er ei samla vurdering av både testane og ei omfattande klinisk undersøking, noko som ikkje kjem fram i innslaget.  

Vidare synest eg at det er underleg at FBI let direktør for Helsetilsynet Lars E. Hansen stå som fastit på kva som er riktig behandling i høve borreliose, når det er så stor fagleg usjemje om dette internasjonalt. Etter mi meining, gjer FBI seg her til eit mikrofonstativ det offentlege helsesystemet sidan dei ikkje lukkast i å stille dei kritiske spørsmåla til Helsetilsynet om behandlinga som pasientane får i det offentlege, og som vi opplever som for dårleg, noko som bryt med punkt 3.2 i VVP:

 3.2  Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som blir gitt er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidde og relevans i kjeldevalet.
Innslaget manglar også fagleg fundering i kva som ligg bak dei ulike behandlingsmetodane. Berre ved hjelp eit par tastetrykk på nettet kunne FBI lett ha funne eit vell av andre kjelder og forskingsresultat til informasjon om korleis pasientar som har kronisk borrelia vert friske eller betre av langvarig antibiotikabehandling anten gjennom private aktørar i Noreg, eller som helseflyktningar i utlandet.

Men det verka som om FBI ikkje var interessert i å fortelje historia til alle oss som vert betre av, og friske (!) av langvarig antibiotikabehandling. For kvar var alle pasientane som har blitt heilt friske eller betre av behandlinga? Dei var totalt fråverande. I staden tok FBI med eit lite klipp av ein elleve år gammal gut som får langvarig antibiotikabehandling, og som ved hjelp av behandlinga kunne fortelje at han  har kvitta seg med rullestolen. Litt etter får ein harmdirrande direktør for Helsetilsynet slå fast at denne behandlinga kan ein dø av. Dette meiner eg er å stille eit born i ein belastande situasjon, noko som bryt med VVP sitt punkt 4.8:

 4.8  Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet.

Direktøren for helsetilsynet oppmodar så pasientar til å klage inn NBS slik at dei kan få stengt klinikken. Den andre pasienten som er intervjua i programmet, fortel at han vart frisk før han fekk tilbakefall. Men han bar likevel ikkje nag til NBS, berre til det norske helsesystemet som ikkje maktar å finne ei behandling som får folk friske. Det er verd å merke seg.


Eg meiner også at FBI har svikta eit av samfunnsoppgåvene til pressa, nemleg punkt 1.5
 1.5  Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

Ein skulle tru at det var i FBI si interesse å undersøkje kvifor borreliosepasientar i dag vert forsømt i det offentleg helsesystemet, og ikkje gå inn for å rive vekk eit av dei få tilboda vi faktisk har under forbrukarjournalistikken si fane. For behandlinga av borreliosepasientar i det norske helsesystemet held i dag ikkje mål. Både testane og kunnskapen om borreliabakterien i det offentlege helsevesenet er for dårleg. Ingen av testane kan i dag med 100prosent sikkerheit slå fast borrelia, og sjansen er stor for at ein får falske negative svar på prøvene. Også falske positive svar kan forekomme. Økonomi er dessverre også avgjerande for kva testar pasientane ved norske sjukehus vert tilbydde. Dette er grunnen til at at pasientar som higrar etter å komme attende i arbeid, søkjer hjelp hjå Norsk Borreliose Senter. Per i dag er dette ein av få stader i Noreg der vi opplever å få hjelp som faktisk fungerer.   FBI nemner heller ikkje at det samme offentlege helsevesenet som kritiserer NBS langvarig antibiotikabehandling også gjev langvarig sjølve (trass i at dei meiner det kan vere dødeleg) i form av antibiotikabehandling mot til dømes kviser..

Hadde FBI teke seg bryet med å kontakte til dømes sjukehuset i Augsburg eller i det minste lese nokre forskingsresultat frå vår eigen Øystein Brorson, eller dr. Burrascano, ville dei ha funne ut at at borreliabakterien er spesiell ved at den kan kapsle seg inn i cysteformer, noko som gjer at det er vanskeleg å kjekkje den med dei korte antibiotikakurane som vert tilbydd i det offentlege i dag. Tvert om må langvarige breispektra antibiotikakurar til, og sjølv då kan det vere vanskeleg å få bukt med den motstandsdyktige borreliabakterien som har fått tilnamnet den store imitatoren. Denne bakterien har nemleg evna til å etterlikne andre sjukdommar, slik at det er vanskeleg å finne ut kva som eigentleg feilar ein. FBI burde også ha i bakhovudet at sjølv om ein får behandling for ein sjukdom, er det inga naturlov som seier at ein då skal bli friske - sjølv om ein har betalt behandlinga av eiga lomme. Heller ikkje kreftbehandling fungerer i alle tilfeller. 

 Om Helsetilsynet når målet sitt om å komme i kontakt med misnøgde pasientar gjennom FBI slik at dei får  lagt ned Norsk Borreliose Senter, håper eg inderleg at nokon pussar støvet av  straffelova § 246 og §247 om æreskreinkingar og tek FBI til retten. Grunnen til det er at programmet freistar å så tvil om den faglege kompetansen ved NBS, trass i eit svakt faktagrunnlag i innslaget. Dette kan vere fatalt for oss pasientar.



§ 246. Den som rettsstridig ved ord eller handling krenker en annens æresfølelse eller som medvirker dertil, straffes med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder.
§ 247. Den som i ord eller handling optrer på en måte som er egnet til å skade en annens gode navn og rykte eller til å utsette ham for hat, ringeakt eller tap av den for hans stilling eller næring fornødne tillit, eller som medvirker dertil, straffes med bøter eller med fengsel inntil 1 år.

For om behandlingstilbodet ved NBS vert lagd ned, risikerer vi som er pasientar der at borreliabakterien vi har i blodet vert resistent for behandling. Dette vil då medføre at dei som ikkje har råd til å reise på behandling i utlandet misser sjansen vi har til å verte friske og komme oss i arbeid att. Då får det heller vere at Luneng for augeblikket ikkje har lagt fram statistikk. Det får han få orden på snarast. Ein ting er i alle fall sikkert: Vert borreliapasientane overlatne til oss sjølve, blir det til ikkje-liv i smerter og sjukdom. Det er ingen tente med.


Etter mitt syn har FBI både skusla vekk ein god sjanse til å belyse eit viktig tema og utført slett jorunalistisk handverk- Eg seier meg hjartens einig med Veronica Zimmer sin kommentar på FBI si heimeside på facebook;

-Fatter ikke hvordan dere makter å skusle bort sjansen til å belyse en så viktig sak som "forbrukerens kamp mot flåttbårne sykdommer" på den platte måten dere klarte i dag. Hadde dere enda våget å stille de viktige spørsmålene. Hvor blir det av retningslinjene? Hvilke konsekvenser har det for pasientene å ikke få stillet en riktig diagnose? Hvilke konsekvenser har det for omgivelsene og samfunnet i sin helhet? Hvordan ser bildet ut i resten av verden? Hva sier forskningen? Jeg registrerer at dere er et produkt av vår tid med en lav grad av kunnskapsorientering, men med stor underholdningsfaktor. Ønsker meg av hele mitt hjerte at dere snart dreier fra forbrukerrettigheter til forbrukeransvar. For det er det disse pasientene tar - de tar sitt forbrukeransvar. Og de er pionerer, det vil historien vise. You are so busted!


Innslaget kan du sjå om du trykkjer på denne linken. Slik introduserer FBI innslaget på sine sider: "Alle oppslagene om den farlige flåtten skaper frykt i befolkningen. Private aktører skor seg på angsten og tjener på å tilby dyre behandlingsopplegg."

Som eit lite aporos til kva som kan skje med forsking og behandling innan medisinen dersom legar i det offentlege får la det gå personleg prestisje i å hindre ny kunnskap, anbefaler eg å lese føreordet til  "Og så må du ikke stille spørsmål" av Per Egil Hegge. LES HER , og gjere deg opp di eiga meining om ikkje historia gjentek seg no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar