tirsdag 18. september 2012

Glad i barmen; no blir det nål i armen!

Det er så eg får lyst til å rope høgt hurra! I dag fekk eg nemleg vite at eg endeleg har fått time til intravenøs antibiotikabehandling ved Norsk Borreliose Senter i Oslo.  Måndag 2. oktober blir det nål i armen, og eit kjempesteg i rett retning; nemleg å verte frisk. Med intravenøs antibiotika, så blir behandlingstida for borreliainfeksjonen  som har sett meg ut av spel i nærare to år, drastisk redusert. Dermed har eg ein reell sjanse til å vere attende på jobb til jul, om eg er heldig. Og det vel eg å tru at eg er.

For trass i borrelia og andre coinfeksjonar, så er eg utruleg heldig som har fantastiske foreldre som støttar meg! Det er dei som sponsar behandlinga mi i Oslo, sidan denne ikkje vert dekka av det offentlege. Eg er så takksam for at eg har desse to i ryggen. Utan dei ville eg jo ikkje hatt råd til å ta denne snarvegen i behandlinga; då måtte eg nok ha knaska antibiotika lengje, og risikert at eg kunne ha mista jobben om eg ikkje vart frisk att i tide.

Sidan det er ei rimeleg dyr behandling, skal eg no ut på "legd" i Oslo medan behandlinga står på. Eg føler meg utruleg priviligert som har så gode vener i Oslo som opner både dør og hjartedør, og let meg bu hjå dei til behandlinga er over. 

Det er kanskje det einaste positive med å vere sjuk; det er då du ser kven som er ekte vener, og du kjem mykje nærare både vener og familie. Eg er så enormt glad i dykk! :D

3 kommentarer:

  1. Heiaheia! Kor lenge blir du i Oslo då?

    SvarSlett
  2. Eg reknar med at det blir ein månad, kanskje to. :) Reknar med å vere frisk att og tilbake i jobb til jul, og at eg er klar for nissefest i Erdalen i god tid. ;)

    SvarSlett
  3. Sjå der ja, her var jo komt svar! Aiaiai, du blir lenge vekke! Tenk om du er tilbake i buisness før jul, det er jo nesten ikkje til å tru :)

    SvarSlett