torsdag 12. juli 2012

Heimelaga sjokolade er fantastisk!

Sunn sjokolade, med godt samvit

Heilt utan skumle tilsetjingsstoff, og heilt utan sukker.
Her er ei "litt på slumpen oppskrift", som fungerer kjempebra.

Eit par bitar med økologisk
Kakaosmør
Ein neve Kakao-nibs
Litt Bourbon-vanilje
Cocosa
Tørka blåbær, aprikos (eller det du måtte like)
Nøtter etter ønske

Bruk økologiske ingrediensar, så vert sjokoladen sunnare og smaker betre.
Smelt kakaosmøret i ei glasskål som du har i vannbad. Bruk låg temperatur; kakaosmøret smeltar ved 32 grader. (Dessutan vert næringstoff og smak øydelagde om du smeltar det direkte i panna)
Bland inn ein liten neve kakaonibs, bourbon-vanilje etter smak og ein liten neve med hakka, tørka blåbær. Eg pleier også å ha i litt hakka nøtter, td macadamianøtter om eg er i humør til det. ;)

Så har du berre sjokoladen oppi sjokoladeformer, og set den i kjøleskåpet. Der toler den å stå ei god stund, i lufttett boks.



(Her er dei sørgelege restane etter at vi hadde ete opp dei beste. Note to self; ta bilete FØR servering).


Fordelen med denne sjokoladen, er at sidan kakao-nibsa' ikkje har blitt varma opp meir enn ca 41 grader før dei kom i pakken, er dei fulle av næringsstoff og antioksidantar. (Rå kakao utklassar lett både bær og frukt). I tillegg får du mykje magnesium, som er viktig for funksjonsevna til både hjartet og hjernen. Også jern finn ein mykje av i rå kakao.
Dessutan er det ei aminosyre som heiter tryptofan som finst i rå kakao. Denne skal gjere det lettare å slappe av, og gjev betre søvn.  Har du i tillegg oppi Cocosa, får du også i deg omega 3 og omega 6.

Og om du blir glad og lykkeleg når du et desse godbitane, så er ikkje det så rart; I sjokolade har ein funne Penylethylamine (PEA). Detter eit stoff som liknar på adrealin, og som vert skapt og frigjort i hjernen når vi er forelska. ;)





2 kommentarer:

  1. Kor får ein kjøpt desse ingrediensane? Eg er på superslanker'n, men held på å forgå uten nåke godis å stappe i det store sluket... Sukkererter har lissom ikkje samma effekt kan du sei...

    SvarSlett
  2. Sukkererter har ikkje heilt samme effekt, nei. ;) Du finn det meste på Sunkost-butikkane, om du har ein slik i området. :) Elles går det an å bestille over nettet, skal lage til ein post om det i kveld. :)

    SvarSlett