onsdag 15. august 2012

Lys i enden

I går var eg til konsultasjon hjå dr Rolf Luneng ved Norsk borreliosesenter. Det har eg sett fram til lengje, for det er jo mykje ein lurer på når kroppen er full av ein bakterie som er vanskeleg å få has på.
No har eg gnafsa antibiotika i 1,5 månad, og det ser ut til at det kjem til å bli mykje lenger. Akkurat kor lengje, får eg vite om seks veker då nye prøver skal takast for å sjå korleis antibiotikaen har verka inn på immunforsvaret mitt. Det ligg for tida nede, men talet på leukocyttar tyder på at kroppen i det minste prøver å kjempe imot.

Ifølgje Luneng er det knekte immunforsvaret grunnen til at eg ikkje lenger har feber eller blir sjuk. Forenkla sagt så greier ikkje kroppen å gje skikkeleg beskjed om at eg er sjuk fordi borreliabakterien har satt immunforsvaret ut av spel. Eg kan riktig nok kjenne meg litt varm, og ha hovudverk, men feber har eg ikkje hatt på åresvis. Men eg har å glede meg til; for når antibiotikaen gradvis vinn over borreliabakterien, så vil eg igjen bli sjuk. Hehe.

Neste tysdag skal eg testast for coinfeksjonar, fordi eg har nokre merkelege raude strekar på kroppen som ikkje skal vere der.  Coinfeksjonar er også bakteriar som ein kan få med på lasset saman med borrelia når ein vert bitne av flått. For min del er det coinfeksjonane Bartonella og Chlamydia pneum (populært kalla lungechlamydia) som dr Luneng bestemte at eg skal testast for. Eit av særtrekka med desse, er at sjølv om antibiotikaen du tek mot borreliaen fungerer, så vil du ikkje verte bra att før du behandlar coinfeksjonane; Desse kan også gje mykje plager og problem med vonde ledd og hovne lymfekjertlar, luftvegar, hovudpine, svimmelheit, sår hals og smerter i mage for å nemne noko.

Uansett kva resultatet blir, så trur eg på dr Luneng når han seier at han skal få meg frisk att. :) I første omgang ved hjelp av ytterlegare antibiotikatablettar i seks veker, så blir spørsmålet om eg lyt ha intravenøs antibiotika for å komme i mål. Eg er lova at stillinga mi er freda fram til jul, så det hastar å verte frisk. Sidan det er lang ventetid på intravenøs antibiotika, er eg alt sett på venteliste - in worst case. Det beste hadde vore om eg slepp dette, for det kan jo bli i overmåte dyrt om eg ikkje får det dekka av forsikringsselskapet. Men må ein, så må ein. 

I mellomtida er det berre å halde stødig kurs framover med stort inntak av økologiske grønsaker, grønsaksjuice og målretta trening med badstu på toppen. Eg har tru på at økologiske matvarer og rawfood er eit riktig steg i rett retning når det gjeld å gje kroppen drahjelp i kampen mot borreliabakterien, rett og slett fordi ein får i seg utruleg mykje vitaminer på den måten. Gulrotjuice som under, er fantastisk!




Sidan fleire har lurt på korleis det gjekk etter førre treningsøkt, så kan eg skrive under på at eg vart så stiv i kroppen som eg aldri før har vore! Musklar eg trudde hadde forsvunne gav tydeleg beskjed om sitt nærvær. Betre vart det ikkje av at eg landa på ryggen med både smell og hyl etter eit særs livaktig mareritt to dagar etter treningsøkta. Men alt har ein ende, så etter fire-fem dagar gav det meste seg. Det er nok difor dr Burrascano er påpasseleg med å seie at ein skal sove etterpå, og ta det særs med ro i dagane etter trening. Kroppen treng mykje lenger tid på å restituere seg etter trening enn kva den normalt sett ville ha gjort. Luneng sa også at eg bør la treninga vere hakket meir skånsom enn kva  dr Burrascano legg opp til, av den grunn at borreliaen kan ha gjort skade på sener, ledd og musklar. I tillegg bør ein ta omsyn til at kroppen treng mykje energi til å reparere immunforsvar og til kampen mot borreliaen, difor bør ein ikkje "bruke opp" alt på trening. Så som ofte elles blir det nok den gyldne middelvegen. ;)

4 kommentarer:

  1. Køyr på Sissel!!! Dr. Luneng virkar til å vere ein bra kar!
    Med ynskjer om god og snarleg betring frå Stig-Arild!

    SvarSlett
  2. Kjempegreier Sissel! Du e so FLINK atte fy! Godt du har funne fram til slike kjekke doktorar :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk, Stig-Arild og Felulah! :D Eg har stor tru på Dr. Luneng, utruleg dyktig kar!

    SvarSlett