onsdag 22. august 2012

Så enkelt finn du ut av det

Etter å ha stått fram i Firda, har eg fått mange spørsmål om korleis ein går fram når ein skal finne ut av om ein har borrelia eller andre flåttborne bakteriar i blodet.

Det første du gjer er å kontakte Norsk Borreliose Senter. På heimesida til klinikken, www.norskborreliosesenter.no , finn du eit omfattande skjema som skal kartleggje symptom og helsetilstand som du printer ut og svarer på.



Dette sender du så til Norsk Borreliose Senter. Gjennom kontakt med ein av legane der, vert det bestemt kva slags testar du skal ta. Dersom du ikkje har høve til å reise heilt til Oslo for å ta prøvene, får du tilsendt ein rekvisisjon av legane.

Når du har fått denne rekvisisjonen, tek du kontakt med Bio Medisinsk Laboratorium i Sandvika på (+ 47) 21063550, og fortel kva som står på rekvisisjonen. Dei sender då eit sett med blodprøveglas i spesialembalasje som du får i posten ein til to dagar etter.



Så dreg du til anten eit legesenter eller eit sjukehus, og får desse til å ta blodprøvene for deg. Slik såg mine blodprøver ut for  bartonella og chlamydia pneum ut før eg sende dei av garde.



Så sender du desse i posten gjennom "bedrift over natt". På grunn av postgang og arbeidsveka til laboratoriemedarbeidarane er det svært viktig at du gjer dette på anten ein måndag eller ein tysdag, slik at blodet ikkje vert liggjande på posten over helga.


Etter knappe to veker får du resultatet i posten. Verre er det ikkje. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar