torsdag 5. juli 2012

Beinhard medisinering

Etter ei dryg veke på ein hard antibiotikakur, måtte eg i dag kaste inn handkleet. Trass i at det gjekk fint å gnafse Doxylin, viste det seg at det vart for stritt for magen når antibiotika nummer to skulle til pers. Komplikasjonane kom nemleg snikande etter at eg byrja å ta Azitromax. Det var nett som om eg hadde ete ein neve med depotkapslar som inneheldt napalm. Første og andre dag kom eg meg igjennom, men tredje dagen kjendest det ut som det hadde etsa eit stort hol i magen min. Til og med å ete "vanleg" mat er ei plage.



Det er skikkeleg frustrerande, fordi eg veit at eg har fått nettopp desse harde antibiotikakurane fordi eg har ei god borreliasuppe i kroppen som treng mest mogeleg effektiv behandling NO. Dessutan opplevde eg at Azitromax tok vekk litt av plagene som borreliaen førte med seg. (Den dempa mellom anna den kjensla av at eg har larvar under huda som et seg inn i kjøtet, noko som har vore svært smertefullt).
Då irriterer det meg grenselaust at hovudårsaka til at magen ikkje toler Azitromax no, er at eg har vore feilmedisinert i 1,5 år, der eg har gnafsa store mengder med betennelsesdempande og magesårprovoserande piller.


Akkurat no er det lite eg kan gjere, anna enn å vente på resept på ny antibiotika og håpe på at eg toler den betre.  Kanskje dette også er dagen for å hente fram den gamle klassikaren: "Min lekam er meg blott en byrde" av Kvist?






2 kommentarer:

  1. So forbaska irriterande! Skulle ditta virkeleg ikkje gå? Kryssar fingrane for at du får ei god pillesupa snarast som magen vil takle...

    SvarSlett
  2. Jah, det vart ein liten nedtur. Gjekk rett ned for teljing, og vart liggjande i fleire timar før eg klarte å komme meg på beina att. :-/

    SvarSlett