onsdag 4. juli 2012

Vannkefir = Elsk!

Så tok eg omsider steget, og sette i gang med å lage vannkefir, denne sagnomsuste helsebringande styrkedrikken som etter sigande dankar ut brus. Det høyres jo unekteleg litt skummelt ut, med vannkefirkorn som lever på botnen av eit norgesglas, og nærer seg på sukker, vatn, tørka frukt og ein dash sitron.

Fordelane med vannkefir er heldigsvis så mange at frykta for det ukjende lett let seg overvinne. Kven kan vel motstå ein frisk og sprudlande leskedrikk, som attpå til er sunn og stappfull av probiotika? For vannkefir er ein heilt genial hjelpar på vegen til ei betre helse, sidan eit regelmessig innatak kan hjelpe immunforsvaret. Med på kjøpet får ein også mange gode bakteriar, samt vitaminar, enzym og mineral. Bra for magen, og bra for deg om du drikk den før eller etter maten.

Dessutan er det litt ekstra stas at det "poffar" når du opnar glasflaska, og kan helle den sprudlande drikken i  glaset utan noko slag dårleg samvit. Og best av alt? Det er kjempegodt, og etter mi meining langt betre enn brus!  :D



Korleis lagar ein så vannkefir?


Etter å ha laga nokre liter med ulik smak, er dette min førebelse favoritt:

1 liter med kaldt vatn (ca 22grader)
4 ss økologisk rårørsukker
3 tørka økologiske aprikosar (eller ein neve rosiner, eller anna tørka frukt)
3/4 dl kefirkorn
Ei tjukk skive sitron, helst økologisk


Steg 1:
 Først blander ein vatnet med sukker, og rører om til alt er oppløyst. Pass på at vatnet held ca 22 grader. Deretter har ein i kefirkorn, tørka frukt og sitronskiva.
Ha på lokket til norgesglaset, og lat kefiren kose seg på kjøkkenbenken i 24-48 timar. (Du kan også ha eit klede over, slik at kefirkorna får litt ekstra luft. Berre hugs på å dekke til; fluger skjønner også kva som er godt).

Så kjem personleg preferanse inn: liker du bobler og litt syrleg smak, let du kefirkorna ete opp alt sukkeret, noko som tek ca 48 timar. Liker du mindre søtt og mindre boblete, stoppar du prosessen etter omlag 24 timar.





Steg 2:

Sil safta over i eit nytt Norgesglas. Bruk ein tøysil eller ein plastsil, sidan vannkefirkorn ikkje er så glade i stål. Deretter skyller du vannkefirkorna i kaldt vatn (ca 22 grader). Desse er no klare til å lage ei ny dose med velsmakande vannkefir. :D
 




Om du vil ha litt meir smak og farge på vannkefiren, kan du no putte oppi eit par ferske frukter (til dømes jordbær eller bringebær), før du set vannkefiren i kjøleskåpet. (Dette gjev ein seinare restgjæring enn om den står på kjønnkebenken)  Om du let den stå ein dag eller to til, vert den ekstra sprudlande og fargerik før du har den på flaske. 



Ein kan også tilsetje fruktjuice (t.d appelsin, annanas) i den ferdige vannkefiren for å få anna smak og farge på dropane.


Sjølv må eg tilstå at eg var litt skeptisk i byrjinga; kunne verkeleg vidunderdrikken vere alkoholfri?






Heldigvis! Det er ikkje meir alkhol i vannkefir enn kva det er i vanleg kefirmjølk. Trygt å drikke både for born, gravide og personar på antibiotikakurar. (Som den skeptikaren eg er, har eg testa med to ulike alkometer som på biletet, samt elektronisk alkometer. Dessutan sa Mattilsynet i Førde til meg at ein trygt kan drikke dette utan å vere redd for at det skal vere alkhol i vannkefir.)
 

Ps. Om du synest at den ferdige drikken er litt for lite søt, er det berre å tilsetje litt stevia.






2 kommentarer:

  1. Maks skeptisk! Må få komme og smake ein dag :D

    SvarSlett
  2. Det må du gjere! Viss du gjev ein liten lyd i førevegen, så skal eg lage ein ekstra som er litt søtare. ;)

    SvarSlett