torsdag 9. august 2012

Bakteriedrap og dørstokkmila som forsvann

I dag har eg gjennomført den første harde treningsøkta sidan januar. Ikkje berre det, men eg har også trent armar med tung belasting for første gong på 1,5 år. Stort hurra!

Det må likevel innrømmast at eg var veldig i tvil før eg byrja; ein blir jo noko skeptisk til hard trening når det siste 1,5 året har vore eit smertehelvete. Sant å seie har eg vorte litt meir pinglete når det gjeld smerte. Ikkje for det; smerteterskelen min er nok framleis høgare enn hjå folk flest, men eg merkar at eg er meir tilbakehalden når det gjeld å setje seg sjølv i situasjonar der endå meir smerte kan verte resultatet. Ein vil jo helst ikkje påføre seg sjølv meir elendigheit enn nødvendig. :p

Kva var det så som fekk meg til å overvinne dørstokkmila? Jau, det var dr Burrascano sine retningsliner for behandling av Lyme.Han seier nemleg at ein ikkje blir kvitt borrelia-bakterien viss ein ikkje trener. Med trening får nemleg antibiotikakurane hjelp til å drepe bakteriane. Kven kan vel motstå freistinga til å prøve å ta livet ei god dose borrelia-bakterier? Ikkje eg i alle fall, så med det vart dørstokkmila lett tilbakelagt!

Bakgrunnen til at dr Burrascano held fram trening som effektivt i kampen mot borrelia, er at når ein trener så stig kroppstemperaturen, noko som gjer at borrelia-bakterien døyr. Den misliker nemleg høg kroppstemperatur. I tillegg liker ikkje borreliaen mykje oksygen i blodet, noko som ein får under trening. Lymfesystemet og blodsirkulasjonen har også godt av at ein trener kroppen. Treninga bør difor vere litt hard, men helst bestå av mange repetisjonar med låg belasting i starten slik at ein ikkje skadar seg, får betennelsar etc. Treningsmaskiner vert halde fram som det beste i starten, fordi ein med desse har større sjanse for å sikre seg at ledda er i riktig posisjon under øvingane. Burrascano anbefaler dessutan at ein gjer seg ferdig med ei muskelgruppe om gongen, og at ein tøyer denne skånsomt, men grundig etterpå. Totalt sett bør treningsøkta liggje på rundt ein time, og aller helst bør ein avslutte denne med badstu og ein varm dusj. (Her er det viktig å drikke masse, slik at dei daude borrelia-bakteriane vert frakta ut av kroppen). Massasje vert også halde fram som ideelt.

Eit av hovudpoenga til Burrascano er at du bør passe på å få rikeleg med kvile etter treninga, slik at kroppen og immunforsvaret får byggje seg opp att. For min del vart det middagslur sporenstreks etter middag. Mange med lyme treng nettopp ein lur etter treninga for å hente seg inn att. Også dagane etter treningsøkta bør setjast av til kvile ifølgje Burrascano. I byrjinga anbefaler han fire-til fem dagar kvile mellom treningsøktene, med rikeleg kvalitetssøvn om nettene. Etter at ein byrjar å komme i form att, kan ein gå ned til å trene anna kvar dag. (Det einaste du ikkje må trene, er aerobic.)

For min eigen del bestod dagens treningsøkt av ti minutt spinning som oppvarming, etterfølgt av 4x4 minutt med harde intervallar og 2 min pause mellom. Kjempevarm, kjempesveitt og blytunge bein. Deretter tok eg 10x3 hang-ups i maskin (ikkje så imponerande når ein får "hjelp" av maskina, menmen), så runda eg av med 12x3 knestrekk og 12x3 lårcurl, før eg strekte ut og stabba meg opp trappa og inn til dusj & badstu. Eg vart med andre ord heilt utkøyrt.

No, eit par timar etterpå, føler eg meg framleis så smått invalidisert. Så det blir spennande å sjå om eg kvalifiserer for VM-medalje i stiv og støl i morgon. ;)




Interessert i Dr Burrascano? Les meir HER.

4 kommentarer:

  1. Sinnsykt kult å lese! Jeg jobber med trening og vil jobbe litt med borrelia-pasienter framover. Hvordan har dette fungert for deg?

    SvarSlett
  2. Hvorfor kan man ikke trene aerobic hvis man kan trene alt mulig annet?

    SvarSlett
  3. For meg fungerer det veldig bra å trene, så lengje eg passar på å trene passe hardt - utan å ta meg fullstendig ut. Då får eg meir energi, og eg opplever dette har gjort at behandlinga fungerer betre. Det er viktig å lytte etter kroppen, og heller ta mange repetisjonar med lett belasting enn få repetisjonar med tung belasting. ( Har ein vore sjuk lenge, må ein starte veldig forsiktig!)

    Kroppen bruker lenger tid på å restituere seg når ein har borrelia, dette gjer at ein gjerne treng lenger tid mellom øktene enn kva ein normalt ville ha hatt om ein var frisk.

    Slik eg tolkar Dr. Burrascano, er grunnen til at aerobic ikkje er å anbefale at denne formen for trening undertrykkjer kroppen sin T-cellefunksjon i større grad enn andre treningsformer. (all trening senkar T-cellefunksjonen 12-24 timar, men tek seg så opp att og såleis styrkjer T-celle produksjonen i kroppen). Med andre ord; kroppen bruker lenger tid på å hente seg inn etter aerobic, og det blir meir slitasje enn utbytte.

    SvarSlett
  4. Hei, takk for så informativt og motiverende innlegg. Jeg ble smittet i september i fjor, og oppdaget det rett før jul, men nå lurer jeg på om eg ikke fortsatt har det i meg pga diverse diffuse symptomer. Driver og finner ut av det nå. Jeg har tenkt at det kanskje ikke er så lurt å trene, men der tok jeg skammelig feil! Jeg skal sette i gang i dag. Og så skal jeg ta en skikkelig rensekur med Dr Grays Tarmrens som er veldig bra. Bra når man har fått antibiotika for å bygge opp tarmfloraen igjen. Og så tenker jeg å ta en fastekur med sitronsaftkuren for å få en skikkelig utrensing på cellenivå. Har du prøvd rensing i tillegg til vanlig behandling? Jeg har ikke rukket å lese andre innlegg på bloggen din, men det ser veldig interessant ut :).

    SvarSlett