lørdag 30. juni 2012

2012 Verste Lyme disease-år i USA?

Også i USA slit dei med aukande mengder flått som er bærar av lyme/borreliose-bakterien. Der som her er milde vintrar med aukande mus- og rådyr/hjortebestand hovudgrunnen. I dette innslaget kan du sjå at dei fryktar at 2012 vert det verste året så langt når det gjeld lyme disease i dei nord-austlege statane. I staten Massachusetts, har til dømes rapporterte tilfeller av lyme disease auka frå 1 158 tilfeller i år 2000 til 4019 i 2009. Men legar i området fryktar at berre eitt av ti tilfeller vert rapportert inn.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar