tirsdag 26. juni 2012

Endeleg....!

I kveld starta eg på behandlinga av den kroniske borreliosen som har vore årsaka til at eg har vore sjukmeld i 1,5 år. Pillene gjekk ned med stor entusiasme; Det høyres heilt fantastisk ut at eg alt innan eit par veker kanskje kan kjenne betring, om eg toler medisinen og ellers er heldig.

Sidan eg ifølgje dr Rolf Luneng ved Norsk Borreliose Senter har mykje borrelia i kroppen, skal eg starte på ein rimeleg hard antibiotikakur. Det er eg glad for, då det  ikkje har vore noko særleg å få stadig meir krampar og midlertidige lammingar i kroppen, eller oppdage at ein misser kjensla i t.d armar, andlet og bein. (Ei stor takk til "svigermor" som køyrde meg til legevakta på søndag, og til mamma og systa som var her til anfallet gav seg!).


I første omgang skal eg gå eit par veker på Doxylin, før det vert guffa på med andre sortar antibiotika alt etter kva prøveresultata viser.




Eg er også glad for at det ser ut til at eg kan ta Levaxin mot stoffskifteproblema samstundes som eg får behandling mot borreliosen. (Frykta var jo at eg måtte seponere denne til borreliosen var behandla i, for at levaxinen skulle "skjule" symptoma på borreliosen).

Etter råd frå Per Egil Hegge (forfattaren av "Også må de ikke stille spørsmål"), skal eg også møte ein spesialist på stoffskiftesjukdom i Oslo over helga. Så no kan det verkeleg sjå ut til at det ordnar seg. :D







 



6 kommentarer:

  1. Supert! About freakin' time ;) God betring!!

    SvarSlett
  2. Håpar dette går rette vegen no! Eg heiar på deg Sissel!

    SvarSlett
  3. Jepp, håper at medisinane virkar raskare enn borreliaen si eskalering. Er litt nervepirrande om dagane. <:)

    SvarSlett