lørdag 16. juni 2012

Hypermobilitetssyndrom

Hypermobilitetssyndrom

Hypermobilitetssyndrom er arveleg, og ein reknar med at kring 10-20 prosent av folket i dei nordiske landa har sjukdommen.Du kan enkelt sjekke sjølv om du har hypermobilitetssyndrom. For noko av det som er typisk, er at ein er grådig mjuk i kroppen. Medan folk flest gjerne strevar for å nå tak i golvet med fingertuppane, kan vi som har hypermobile ledd lett leggje begge handflatene i golvet med strake kne:



 I tillegg kan ein gjere slike ting:


Eller dette:

Kanskje slik
Eller slik


 Personleg har eg aldri tenkt over at det kan vere mindre bra å vere så kalla mjuk i kroppen. Men faren er at når ein er i stand til å gjere slikt, så vil ledda ha større utslag når ein skal gjere vanleg arbeid eller trene. Dermed oppstår faren for slitasje på ledd, sener og musklar. Dette kan resultere i smerter, søvnmangel og nedsett allmenntilstand. Ein har gjerne også større fare for å trakke over når ein trener, eller å få kroppsdelar ut av ledd. Andre typiske trekk er at ein lett får arr, blåmerker, og at ein har tøyeleg/elastisk hud:





Tell your doctor!
Sjølv gjekk eg mange runder med sterke smerter og senebetennelsar som ikkje slepte taket, og som "vandra rundt i kroppen". Det typiske er jo at når ein har smerter ein stad i kroppen, så freistar ein å avlaste desse delane. Dermed oppstår betennelsar på stadig nye stadar.

Dessverre er det ikkje så lett å finne ut av dette. Legane kan mistenkje at ein har ein nakkeprolaps eller liknande, særleg dersom ein har smerter som stråler frå nakken og ut i hendene. Sjølv gjekk eg fleire runder med røntgen og mr før det vart konstantert at ikkje noko viste på bileta. Dette er ikkje så rart, sidan ledda er i normal posisjon når ein tek røntgen/mr.

Mitt råd er difor; fortel legen at du har hypermobile ledd.!

Det finst håp!
Dessverre finst det ikkje noko behandling som kan kurere hypermobilitetssyndrom. Ledda er ein fødd med,  og dei må ein leve med. Men det finst håp! Medisin kan hjelper mot smertene og søvnmangel. Sjølv skal eg byrja på Sarotex, og eg håper verkeleg at den vil gjere susen.

Ellers er det andre knep ein bør ta i kvardagen. For det første bør ein unngå kontaktidrettar, på grunn av faren for å få kroppsdeler ut av ledd/slitasje.  Det går dessutan å lære seg å bruke kroppen på nytt. Sjølv brukar eg å trene knebøy for å få "løfta" kneskålene, slik at eg får mindre slitasje. Eg skal dessutan byrja å trene pilates under rettleiing av venninna mi, Leela Anita Kjørvik som utdannar pilatesinstruktørar. Dette for å øve meg på å ha ledda i riktig posisjon.


Heftig og forknytt?
Mi erfaring er at det er lurt å ta pauser i arbeidet, kva ein enn driv med. Unngå å fryse på ledda. For når ein frys, vert ein forknytt og kjem i feilstillingar. Varme dusjar og terapibading hjelper, dersom ein er i ein god periode. Om betennelsenane først herjar i kroppen, kan det hjelpe å ise ned. Eg har også drukke mykje ingefærte, og hatt god nytte av det kombinert med akupunktur.

Tenk gjerne også over sove- og sitjestillingane dine. Det er ikkje så lurt å t.d liggje med armen under hovudet dersom ein har lett for å få betennelse i armane. Å sitje med hovudet i hendene når ein les bøker, er også ein uvane. Og i alle aktivitetar, frå bilkøyring til golvvask; ha eit laust grep. Det å halde for hardt rundt ting, kan faktisk utløyse betennelse i handledd. :p









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar