lørdag 30. juni 2012

Skumle flåttmiddel

I dei siste dagane har laussalsavisene fokusert mykje på korleis ein best kan beskytte seg mot flåtten. Eg observerer i Dagbladet 29.06 at  myggmiddel som inneheld DEET og Icaridin vert halde fram som noko av det mest effektfulle, fordi ein trur at flåtten ikkje liker lukta av desse stoffa. I tillegg vert kle som er impregnerte med verkestoffet Permetrin halde fram som effektivt, sidan det er avstøytande og vil drepe flått.



Eg meiner at ein bør ha ein sunn skepsis til desse midla. Årsaka til dette er at eit stoff som er så sterkt at det drep innsekt, ikkje nødvendigvis er ufarlege for oss menneske heller. Om DEET  kan ein lese at stoffet irriterer auge og hud, kan føre til kramper, hudirritasjonar, smertefulleblemmer og arrdanning. Sjølvsagt er det barn som er mest utsett for helseskader som følgje av bruk av slike stoff, og skal følgjeleg ikkje brukast på små born under tre år. Stoffet er også farleg ved svelging.
Om Icaridin veit eg ikkje så mykje, men eg antar at dette er samme verkestoff som picaridin. Dette er rimeleg nytt, og ein veit førebels ikkje så mykje om det. Av produsentane vert det halde fram som tryggare enn DEET. Så får det verte opp til kvar enkelt kva ein vil tru. På denne linken kan ein lese meir om Icaridin.

Personleg trur eg at det beste for å unngå å bli smitta av borrelia/lime disease, er å unngå å verte biten og å fjerne eventuelle flåttar så fort som mogeleg. Om ein på død og liv skal ha på seg flåttmiddel, bør ein ta desse utanpå klea. Og eg trur at når det gjeld born, så er det like lurt å sjekke borna ofte omd ei har flått på seg, som å dynke dei i flåttmiddel (Falsk tryggleik). Trass alt herjar jo borna ofte i gras og lauvskog der flåtten likar seg. 

Og elles bør ein vel ta fram gode gamle råd om lyse kle, med buksa godt nedi sokkane. Hiv kle rett i vaskemaskina etter at du har komme heim, og sjå etter om nokre beist har rømt ned på golvet. (Har sjølv funne fleire udyr på golvet etter fjelltur).

2 kommentarer:

  1. Og for all del, lat igjen buksesmekken... (berre for å vere litt flåsete oppi alt!)

    SvarSlett
  2. Hehe, jaaa! :D Har forresten høyrt om karar som har fått noko flått på utstyret, og ikkje då i tydinga dei helst hadde håpa på. :p

    SvarSlett