tirsdag 19. juni 2012

Borreliose på toppen

Det vert sagt at granatar sjeldan fell ned i same holet, men akkurat no er eg noko  i tvil. Måndag fekk eg vite at eg også har borreliose. Eg har ikkje fått møte legen min ved Norsk Borreliose Senter enno, så eg er enno ikkje heilt sikker på kva type eg har, eller korleis behandlinga blir lagt opp, særleg med tanke på at eg også gnafsar medisin mot hypothyreose og hypermobilitetssyndrom. Eg reknar uansett med at det blir ein hestekur med store mengder antibiotika.

Det kjennest likevel godt å få vite årsaka til ymse plager som eg ikkje har klart å plassere innan kategoriane "hypermobilitessyndrom" og "hypothyreose". Dei mest skremmande har vore at eg ved eit par høve har mista synet på eine auget, og at eg har fått kramper i andletet, samt mista all kraft i kroppen. Kanskje kjem hjarteproblema også av borrelia? Det står att å sjå. Seinare i dag skal eg ta fleire prøver på sjukehuset, både i høve stoffskiftet og borrelia'en. Så er det berre å stålsetje seg og vente. Det har eg blitt særs god til etter å ha vasa rundt i helsevesenet sidan desember 2010.

Og humøret? Tja. Etter å ha fått vite frå det norske helsevesenet pr 03.10.2011 at alle borreliaprøver er normale, samstundes som formen har blitt mykje verre etter dette, er eg mildt sagt oppgitt. Kvifor fekk eg ikkje ta spinalprøve? Kvifor klarte ikkje dei offentlege legane å finne det ut? Kvifor har det private helsevesenet andre prøver som kan påvise borreliose, medan det offentlege held seg til ELISA-testane? Dette har medført store kostnader både for meg personleg i høve til tap av livskvalitet og reint økonomisk sidan eg ikkje har fått jobbe, og samstundes har mista retten til sjukepengar sidan eg har gått sjuk så lengje. Også de andre som skattebetalarar har  "betalt"  for feilbehandlinga av meg gjennom subsidiering av ytterlegare feilbehandling og arbeidsavklaringspengar.

 Men, so ho sa brura; det ein ikkje dør av, blir ein sterkare av. ;)

Reint praktisk vil nok dette seie at det også blir eit par borreliadrypp på bloggen min. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar