onsdag 20. juni 2012

Medisinmat

Kva bør ein eigentleg putte i seg når ein har hypothyreose? Det var noko av det første eg spurte meg sjølv om då eg fekk diagnosen. Eg har jo merka at eg reagerer på mange forskjellige råvarer, utan heilt å forstå kvifor. Etter å ha lest på ulike stoffskifteforum og helsesider, kjem eg til å gå for dette:

Mat ein vert/kan verte sjuk av:

 

  •  
  • Grønsaker: Brokkoli, blomkål, spinat, rosenkål, kålrot, kål (alt i kålfamilien), turnips, sennep, reddiker, neper, søtpoteter (alt dette bør ein unngå heilt i rå tilstand, men vi tåler det bedre kokt)
  •  Soya, soyaolje, tofu (nokre meiner at dette kan gjere deg syk i fleire veker ...)
  • Jod (f.eks salt med jod. Vi trenger litt jod,men forsiktig.
  • Nøtter: Valnøtter, mandlar, peanøtter, pinjekjerner (rå, bør kokast. Om du bløytlegg dei og steiker det, kan du nok også ete dette)
  • Karbohydratar bør vi vere forsiktige med. Dette fordi det gjev eit svingande blodsukker.
  • Mindre fiber
  • Frukt og bær: rå jordbær, pærer, fersken, kassava
  • Hirse, bambusskudd (rå. Eg trur det skal gå greitt om ein et litt, særleg dersom den er kokt/steikt)
  • Sukker (Sjølvsagt fordi dette gjev auka insulinnivå)
  • Aspartam - finn du til dømes i sukkerfritt godteri og  brus
  • Rapsolje
  • Gluten -eg kjem tilbake til dette i tråden seinare. (Styr unna korn, mjøl etc som ikkje er glutenfritt). Skjuler seg dessutan i mange ferdigsausar, buljongar, gryterettar etc.)
  • Sitronmelisse
For min del trur eg at eg toler spinat når den er pressa til juice. Det har eg ikkje noko forklaring på.

Mat som ein bør ete:

 

  • Antioksidantar (t.d. blåbær, kaffe, te, raudvin, mørk sjokolade)
  • Omega 3 (mindre omega 6 og meir omega 3)
  • Cocosa
  • Extra virgin olivenoje 
  • Biola (melkesyrebakterier)
  • Fedon-maten vert tilrådd
  • Lågkarbomat (gjev eit stabilt blodsukker)


Pass på tennene!


Eg har også lest at ein bør unngå fluor og klor. På denne sida kan ein lese om kva som skjer om ein får i seg mykje fluor. Slik kan altså tennene bli:


Dersom du har skade på tennene dine, og tannlegen seier at du ikkje må "pusse så hardt, så kan fluoren vere årsaka!" Kast flourtannkremen og fluortabletten, og bruk i staden desse:




Weleda (t.h) er saltbasert, skummar godt og smaker såpass at du spyttar godt ut att restane. Den trur eg ikkje passar så godt til små born. Den til venstre (min favoritt blant alle tannkremar til no) smaker kanel, og kjem også i fleire andre smakar. Eg har høyrt at utgåva med banansmak passar godt for born.

Når ein har hyppthyreose, tørkar slimhinnene ut. I tillegg til at ein får tørre auge, hud og flisete negler, vert ein gjerne tørr i munnen fordi ein ikkje lenger produserer nok "slev". Derfor er det viktig å drikke/skylle munnen ofte. 

 

Blodprøver ofte!


Ifølgje fastlegen min bør eg ta Levaxin ein halv til ein time før eg et frukost på morgonen.
Både jern- og kalsiumtilskudd fører til dårligare opptak av stoffskiftehormon, samstundes som menneske med lågt stoffskifte som regel har større behov for jern, D-vitamin og B12. Vi treng også tilskot av selen.. Ellesk kan grapefrukt og kokosolje forsterke effekten av medisinen (Levaxin).

Behovet for Levaxin fell hvis blodsukkeret synker. Difor må ein ta blodprøver ofte om ein legg om kosthaldet. Det er viktig å blodsukkeret på eit jamnt nivå. (Dette kan vere vanskeleg, sidan det er lett å ty til slikt som rosiner, fiken og  aprikos (sjokolade for enkelte), fordi ein i utgangspunktet manglar energi og kjenner seg trøytt når ein har lågt stoffskifte.)


Les meir? Kjelder:
Kilder:
http://www.sonjas-stoffskifteforum.info/
http://www.stoffskifte.info/
http://no.wikipedia.org/wiki/Lavt_stoffskifte

2 kommentarer:

  1. Wææh! Må vere HARDT å skulle gi slepp på alle dei godsakene som vert nemnt på fy-lista! Men må ein så må ein, og er jo si eiga helse det er snakk om så.. Eg er bekymra for om det vert Malakoff på deg i år, så mykje som du er gjennom no?

    SvarSlett
  2. Eg er mest uroa over soya-produkta. Og øl. Men, eg har høyrt at det er noko som heiter Corona, som er bryggja på mais. ;) Dersom eg ikkje slepp til ved Norsk Borreliose Senter før Malakoff, blir det sjølvsagt Malakoff med Corona. :D OM eg er starta på antibiotika, så kan det hende at det blir Malakoff utan alkohol. Eg slit uansett såpass mykje med hukommelsen, at de som skal drikke ikkje treng uroe dykk over at eg skal hugse noko som edru observatør. :P

    SvarSlett